Gardsferie
Har du ikke prøvd gardsferie før? Da bør du ta deg tid til et spennende opphold!
Bruserud
Den tidlegare kårboligen på garden er om lag 90 m2 og inneheld to soverom, stove, kjøkken og bad med varmekablar. Huset er utstyrt med oppvaskmaskin, vaskemaskin, kjøleskåp, frysar og fjernsyn. Det er og tilgang til trådlaust internett i huset. Huset er omkransa av eit stort flatt tun med rikeleg tumleplass. Her er det urte- og grønsakhage, potetåker og jordbær. Det er også høner i uthuset som går ute om sommaren. Kaniner og pus har med og. 200 meter frå tunet ligg Bøelva, her er det svaberg ein kan bade frå og eit stryk der ein om sommaren kan få seg eit ekte boblebad. Det er og fint å fiske frå eigedommen, og i dei seine sommarkveldane er kan ein sitte ved vatnet og grille og kose seg. Det er og høve til å låne kano for å padle seg ein tur og sjå etter bever. Verskapet på Bruserud, Ingrid og Bård, er eit ungt par som nettopp har oppfylt sin draum om eit småbruk. Det er lenge sidan kyrne rauta på Bruserud, men etter at vertskapet kjøpte garden i 2008, har det kome nokre dyr dit og noko av jorda nyttast til grønsakdyrking. Løa, som tidlegare var fyllt med høy, gjer i dag nytte som eit enkelt selskapslokale der ein kan samle om lag 50 menneske. I mange år var det stor fløteaktivitet i elva nedanom garden. Ein ser framleis spor etter dette, og det er høve til å ta seg ut på øya der fløtarane ofte kjempa mot store tømmervasar.
Adresse
| Vreimsida 415 |
| 3800 Bø i Telemark |
| Bø i telemark |
| www.gardsturisme.no |
Kontaktinformasjon
| E-post: | post@gardsturisme.no |
| Telefon: | 35 95 21 55 |
| Mobiltelefon: | 99 23 62 15 |
| Faks: | 35 95 21 17 |



Du er her: 
