Du er her: Forside / Reisemål / Vest-Telemark / Kviteseid / Norsk Skieventyr
A a

Norsk Skieventyr

Norsk Skieventyr i Morgedal

Norsk Skieventyr i Morgedal

Kontakt 

Adresse:

Vårstaulv. 2
3848 Morgedal
Telefon: 35 06 90 80

www.vtm.no

Når ein vil gjera seg kjent med Morgedal, er Norsk skieventyr det beste utgangspunktet.

Det spesielle bygget byr på ei multimedia-reise gjennom skihistoria – med særleg vekt på skirevolusjonen som starta i Morgedal i 1850-åra.

Du kan utforske museet på eiga hand, men ein omvisar er å anbefale. Utstillinga startar med ei framstilling på storskjerm av skihistoria gjennom 4000 år, byr deretter på glimt frå Morgedal i 1850-åra, held fram i ein skimakar-verkstad, fortel om kappløpet mot Sydpolen, om Østbye, ein av Noregs første skivoksfabrikker, gir deg soga om den olympiske elden – og til slutt:I stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret! Tre nye utstillingar i 2012: Ski og utstyr 1935-2012, Vinter Ol-elden sin historie ( opnar 10. juni), digital formidling Twin-tip, snobrett og frikøyring (opnar 10. juni).