Utforsk Telemark

EN

NO

"Spaden må gå jamnt" - Rui-jentene som møtte kongen

TypeTeater

Storvegen 211, 3880, Dalen
Product Image

Om

Historien om dei to søstrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den lille plassen Rui på Dalen i Telemark, som fekk vitje kongen, var kjent og kjær i si samtid, og framleis vekkjer den gjenklang hjå mange. Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midler til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter far deiras sin filosofi om nøysemd. Kva er det vi moderne menneske ikkje klarar å sjå, men som dei så klart og tydleg såg, der dei streva og arbeida oppe på sitt vakre, men akk så beskjedne Rui?
Og korleis vert to søsken forma av kvarandre etter å ha levd eit liv i tosomhet, og i gjensidig avhengighet?
I framsyninga får me møte Ingerine og Gurine, og ta del i deira liv. Me møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får være med på den store reisa frå Dalen til Oslo.
Teater Fabel sitt ynskje er å gje publikum eit nært, varmt og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, undring og ettertanke.

Billettar til sal på biblioteket kr 200,-

TripAdvisor

Kart

Kontakt

+47 35 07 56 66

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av