For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Brynesteinsbrot i Eidsborg

Legg Brynesteinsbrot i Eidsborg til i reiseruten din.

Address

Eidsborg
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Brynesteinsbrot i Eidsborg

Om

Brynestein frå Eidsborg er den eldste eksportartikkel i Noreg. Med samanhengande produksjon frå vikingtida og fram til rundt 1950, la denne verksemda grunnlag for Telemarkskanalen som transportåre og ein rik handel. Vest-Telemark Museum i Eidsborg har eiga temautstilling om brynestein.

For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Seinare blei steinen nytta til fredelegare formål. Brynesteinen blei fyrst rodd ned Telemarkskanalen eller køyrd med hest på isen og deretter skipa til utlandet og seld til god pris. Slik har brynesteinsbrotet i Eidsborg heilt opp til nyare tid forsynt skogbruk og handverk i inn- og utland med god brynestein.
Frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg går det turstig opp til eit av brynesteinsbrota.

Visste du at det no er funne brynestein på New Foundland som dei meiner kjem frå Eidsborg, og som igjen stadfester norrøn busetnad i Amerika rundt år 1000? Brynesteinen frå Eidsborg er ei heilt særmerkt historie, og kan fortelje oss om handel, kontakt og hendingar langt attende i tid.

Eidsborgbryne er ein skifra kvartsitt som eignar seg særskild godt for å bryne opp alt som skal vere skarp. Av desse vart det laga bryne til nåler, ljå, kniv, piler, øksar og sverd, og utvinninga av brynestein går i alle fall attende til år 700. Dette er òg ei lang og samanhangande historie, sidan den heldt på i større målestokk heilt fram til 1950. Handelen og transporten av brynesteinen gjekk i all hovudsak vassvegen gjennom fylket, frå Lastein bryggje på Dalen til Gråten i Skien, og var ein aktivitet som batt fylket saman. Mange vart sysselsett med omlasting og transport forbi fossar og stryk før kanaliseringa.

Eidsborgbryne vart tidleg etablert som ei fast vare i Nordsjø-handelen, og er i dag ei svært viktig kjelde innan arkeologien for å forstå handelsruter og samkvem frå til dømes vikingtid og mellomalder. Og stadig vert det gjort funn og nye analyser som gjev ny kunnskap. Pågåande forskingsprosjekt no er eit postdoktorprosjekt ved Irene Baug ved Universitetet i Bergen og Dr. James H. Barret ved Cambridge, som begge har Eidsborgbryne som kjeldemateriale for sine studie av handelsvegar i vikingetid. Som del av desse studia vert sjølve steinen analysert, slik at ein kan vere sikrare på opphavet til steinen. Vest-Telemark Museum har bistått arbeidet, og me gler oss veldig til å sjå resultata.  

Fasiliteter

Aktiviteter

  • fotturer

Map & Directions

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    939 m unna
  2. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    965 m unna
  3. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    2.77 km unna
  4. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    3.03 km unna
  1. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    3.04 km unna
  2. Type

    Type:

    Severdighet

    Tokke Kraftverk

    Stor kraftstasjon med omvising.

    3.11 km unna
  3. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    3.33 km unna
  4. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    4.44 km unna
  5. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    8.45 km unna
  6. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    11.19 km unna
  7. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    11.42 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres