For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Eidsborg Stavkyrkje

Legg Eidsborg Stavkyrkje til i reiseruten din.

Address

Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Eidsborg Stavkyrkje

Om

La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.

Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.

Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St.Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.

Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru og mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid.

I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt ved Vest-Telemark Museum, avdeling Eidsborg, som ligg rett i nærleiken.

Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gravferder heile året, og gudstenester og brurevigslar i perioden mai – september, sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no  

I sommarsesongen (juni, juli og august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.

Ta kontakt med museet: tlf. 35069090, e-post: post@vtm.no

Veiledende priser

BillettypeBillettavgift
Barn 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 50,- kombinasjon billett
Familiebillett Gjeld alle våre anlegg inkl. kanalpark.NOK 700,- per år
Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 250,- 1 dag
Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 500,- pNOK 80,- kombinasjon billett
Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 80,- kombinasjon billett
Pr.person Gjeld alle våre anlegg og 50% på arr.NOK 400,- per år
Voksne (fra 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalparkNOK 100,- kombinasjon billett

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

Map & Directions

View Also Around

Opening Times

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2017 - 31 Des 2017)
DagTider
Vårsesong (1 Mai 2017 - 14 Jun 2017)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00
Offentlig HøytidsdagStengt
Sommarsesong (15 Jun 2017 - 15 Aug 2017)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 18:00
Offentlig HøytidsdagOpen
Haustsesong (16 Aug 2017 - 15 Sept 2017)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    305 m unna
  2. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    965 m unna
  3. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    1.83 km unna
  4. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    2.19 km unna
  1. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.20 km unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    2.39 km unna
  3. Type

    Type:

    Severdighet

    Tokke Kraftverk

    Stor kraftstasjon med omvising.

    2.44 km unna
  4. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    4.93 km unna
  5. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    7.48 km unna
  6. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    10.39 km unna
  7. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    11.34 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres