For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Grimdalstunet

Legg Grimdalstunet til i reiseruten din.

Address

Borsævegen 395 A
3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Grimdalstunet

Om

I salsutstillinga 2017 visar Grimdalstunet kunst av Maiken Kavli, Nøtterøy, Sigmund Olsvik, Oslo, Ellen Kalvig, Suldal, Anne Kristine Thorsby, Lillehammer, Lenka Rochovanska, Tsjekkia
Les meir om utstillarar

Opningsarrangement fredag 26.mai 2017 kl 18:00

I sesong er det faste omvisingar kl 12.00, 14.00 og 16.00

Litt om Grimdalstunet
Fjellgarden Grimdalen ligg 630 m.o.h. Vi er ikkje eit vanleg museum, som samlar gjenstander. Vi tek vare på den gamle fjellgarden med 10 hus og gardskvern. Det eldste huset er frå seinmiddelalder og det yngste oppset i 1850. Bygdetun finst det i mange bygder, men det unike med Grimdalstunet er at ingen av bygningane på garden er tilflutte frå andre stader. Alt er grodd opp etter trong. Garden, tunet og bygningane er såleis autentiske.
Dei gamle husa er samla rundt eit større tun. Tunet og husa er tekje godt vare på. I den eine enden av tunet ligg Galleriet. Tunet er særs triveleg og har fleire gode sitjeplassar.
Frå tunet går det ein godt opparbeid turstig som har plakatar med informasjon om dyre- og planteliv. Grimdalstunet ligg ca 9 km frå Dalen ved riksveg 45. Riksveg 45 går frå Dalen – forbi Grimdalstunet og over til Setesdal. Det er ein del av Suleskarsvegen over til Stavanger.

Heimen til Anne
Om sumaren er det omvisning i Gamlestoga, der Anne budde i oppveksten. Folk  får sjå korleis Anne livde og korleis livet var på ein fjellgård for 100 år sidan. Nesten alt av inventar er slik det var då Anne voks opp. Dei som vitjar tunet, gjev ofte uttrykk for verdien av å sjå oppvekstsvilkåra til kunstnaren – for så å ha omvising inne i Kunstgalleriet.  

Anne Grimdalen (1899 - 1961)
Bilethoggaren Anne Grimdalen vart fødd i 1899 på garden Grimdalen i Skafså i Tokke kommune. Ho voks opp i ein syskenflokk på 10. Som ung jente reiste Anne til Oslo. Ho gjekk på fyrst på Kunst- og Handverkarskulen og seinare Kunstakademiet. Samstundes måtte ho jobbe som hushjelp for å klare seg økonomisk. Ungjenta frå utkant-Noreg klarte å slå gjennom i kunstnar miljøet i Oslo. Det er nesten utruleg at ei ung jente med telemål, kristent livssyn og lite pengar klarte å få gjennombrot som kunstnar. Det skjedde i 1938. Då vann Anne konkurransen om utsmykking av Oslo Rådhus og blei landskjend.
Anne er og kjend for dei mange barne- og dyreskulpturane ho har laga.
Anne Grimdalen døydde i Oslo - 61 år gamal. Ho var ugift. Etter hennar død blei det bygd eit Galleri på garden Grimdalen der ho voks opp. Galleriet opna i 1973 og her er mange av skulpturane hennes samla.

Kunstmålar Henrik Sørensen kalla Anne Grimdalen for Eventyrjenta i norsk kunst. Det seier vel det meste om kva slags frodig person Anne Grimdalen var.

Her kan du lese ein artikkel frå Magasinet Norske Hjem om Anne Grimdalen og Grimdalstunet.

Veiledende priser

BillettypeBillettavgift
Barn u 16år Gratis under 6 år.NOK 50,- entre
FamiliebillettNOK 200,- per dag
Grupper Min. 10 stk. Kr. 500,- i omvisargebyrNOK 60,- entre
Honnør/studentNOK 60,- per dag
VoksenNOK 80,- entre

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • kafé
  • gratis parkering
  • omvisning av anlegget
  • parkeringsplass ute - gratis
  • sesong
  • butikk
  • wc

Aktiviteter

  • aktivitetsløype
  • guiding
  • natursti

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • husflidsutstilling
  • omvisning etter avtale
  • malerier
  • utsalg
  • skulpturer
  • husflid

Forretningstilbud

  • kunst
  • kunstbøker
  • kunsthåndverk
  • husflid
  • håndverk

Natur og terreng

  • kulturlandskap
  • skog
  • barskog

Map & Directions

View Also Around

Opening Times

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2017 - 31 Des 2017)
DagTider
Sesong (25 Jun 2018 - 15 Aug 2018)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    5.27 km unna
  2. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    5.76 km unna
  3. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    5.86 km unna
  4. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    5.88 km unna
  1. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    6.26 km unna
  2. Type

    Type:

    Severdighet

    Tokke Kraftverk

    Stor kraftstasjon med omvising.

    6.41 km unna
  3. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    7.48 km unna
  4. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    7.56 km unna
  5. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    8.45 km unna
  6. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    11.00 km unna
  7. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    13.50 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres