For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Lårdalstigen

Legg Lårdalstigen til i reiseruten din.

Address

Eidsborgvegen 361
3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 35 07 56 56

Utsyn frå Gløstøylnuten, det høgaste punktet på turen; 848 moh.

Om

Om turen

Fantastisk tur med spektakulære utsynspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen. 

Langs turvegen får du innblikk i gamalt kulturlandskap og historiske stader, og du kan mellom anna lese segnet om Risen og Gygri og sjå fjellformasjonen som dannar bakgrunnen for segnet. Her er det også ein variert flora, og geologien er spesiell. Kanskje får du også auge på fiskeørna?

Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er og mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg. I sommarhalvåret kan du nyte den eine vegen frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Hugs å ringe båten inn til Lårdal. 

Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det både serveringsstad og overnattingsstad. 

Turfakta:

Lengde: 14 km éin veg

Tidsbruk: 6–8 timar

Gradering: Krevjande/ekspert

Høgaste punkt: Gløstøylnuten 848 moh.

Tilgjengeleg: mai–oktober 

Turkart: Tokke 1 : 50 000

Hugs joggesko med gode solar, eller fjellsko, og rikeleg med vatn (minst 2–3 liter på varme dagar). Det er ikkje lett å finne vatn langs stigen.

For bestilling av båt inn til Lårdal, ring båtane direkte: 

M/S Victoria: +47 951 14 395

M/S Henrik Ibsen: +47 948 89 906

Kontakt gjerne turistkontoret på Dalen før du legg ut på tur. Der får du kart og god info. Tlf. +47 35 07 56 56, info@visitdalen.com

Kombiner Lårdalstigen med ein historisk kanalbåttur på Telemarkskanalen og overnatting på eventyrhotellet Dalen Hotel

Frå kr 2750,- per person/natt i dobbeltrom. Pakka er tilgjengeleg i kanalsesongen 2017.

Inkludert i pakka er klassisk massasje (25 min.), båtbillett Lårdal-Dalen og 3 rettars middag på Dalen Hotel. Av hotellet får du låne tursekk med termos og kart, og med deg på turen kan du ta med ei sjølvsmurt nistepakke, drikke, kaffe/te og frukt. 

http://dalenhotel.wpengine.com/hotellpakker/lardalstigen/

For forespørsel eller reservasjon av pakker, kontakt hotellet direkte på telefon +47 35 07 90 00 eller send e-post til post@dalenhotel.no

 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • båtturer
  • fotturer
  • fjellvandring
  • turstier
  • fritidsaktiviteter

Natur og terreng

  • kulturlandskap
  • fjord
  • fotturområde
  • innsjø
  • utsiktspunkt
  • fjell
  • utsikt

Sesong

  • august
  • juli
  • juni
  • mai
  • oktober
  • september

Varighet

  • 6 timer
  • 7 timer
  • 8 timer

Gradering

  • krevende
  • ekspert
  • fargegradert turmerking

Adgang /Tillgang

  • turstier- merkede

Map & Directions

Veibeskrivelse

Køyreforklaring 

Om du kjem langs E-134, tek du av i Høydalsmo på Fv 45 mot Dalen. Om lag 1 km etter at du har passert Eidsborg, er det avkøyring på venstre hand skilta Lårdalstigen. 

Frå Dalen følgjer du FV 45 mot Høydalsmo. På toppen av Eidsborgberget, etter alle svingane og etter ca. 4 km, er det avkøyring på høgre hand skilta Lårdalstigen. 

Parkering ved enden av grusvegen. Ver vennleg å ikkje parkere framom tunnelinngangen. 

Om du vel å starte turen i Lårdal, kan du følgje skiltinga mot Lårdal frå Fv 45 mellom Høydalsmo og Dalen. Halvvegs nede i grenda Lårdal er det parkering på venstre sida ved Eben-Ezer. 

 

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    624 m unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    632 m unna
  3. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    774 m unna
  4. Type

    Type:

    Severdighet

    Tokke Kraftverk

    Stor kraftstasjon med omvising.

    959 m unna
  1. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    1.13 km unna
  2. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    1.59 km unna
  3. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    1.78 km unna
  4. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    1.85 km unna
  5. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    2.41 km unna
  6. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    6.39 km unna
  7. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.48 km unna
  8. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    8.80 km unna
  9. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    10.32 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres