For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Vest-Telemark Museum Eidsborg

Legg Vest-Telemark Museum Eidsborg til i reiseruten din.

Address

Vest-Telemark Museum Eidsborg
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo

Email

Telephone

Tlf: +47 35 06 90 90

Vest-Telemark Museum Eidsborg

Om

VTM-Eidsborg med sitt nye moderne museumsbygg, tun med over 30 hus og Noregs eldste ikkje kyrkjelege trebygning frå 1167, og ikkje minst Eidsborg stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1200-talet, er eit flott utgangspunkt for å oppleve Vest Telemark sin rike kulturarv og tradisjonar.

Museet ligg strategisk plassert langs fylkesveg 45 like ved Eidsborg Stavkyrkje og Vindlaus-gardane som har historie langt tilbake.

I det nye museet som opna i juni 2012, finn du kafé, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du oppleve ulike tilbod for born, arrangement og konsertar eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt frå tunet.

1. juli 2015 opna ein aktivitetspark med ein 105 m lang modell av Telemarkskanalen, ein ekte husmannsplass og mange handverksaktivitetar. Kanalen er open for slusing i sommarsesongen.


I det nye museumsbygget finn du rike utstillingar frå Vest-Telemark si kulturhistorie og folkekunst. Rosemåling, kanskje Noregs finaste knivutstilling og bygdekultur vert formidla i varierande og godt tilrettelagte utstillingar. Me har og flotte og varierte temporære utstillingar.

Historia om Tokkeanlegget, som er ein viktig del av norsk krafthistorie, vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter som og fortel om moderen teknologi.

Vidare i museet blir historia om den unike brynesteinen fortalt; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa. Det var vassvegen ned til Skien som var ferdselsåra, og brynesteinen var med å bygde opp kystbyane og var dåtidas viktigaste eksportartikkel.

Me ynskjer og å formidle moderne kunst, kulturuttrykk og meir spesielle utstillingar. Det gjer me i vårt store temporære utstillingsrom på ca 150 m2, og fleire gonger i året blir nye utstillingar sett opp her med bl.a. samarbeid med Nasjonalgalleriet og utøvande kunstnarar.

Mat:
Vår kafé er open kvar dag i hovudsesongen, resten av året tar me i mot grupper på bestilling. Me serverar tradisjonelle rettar og meir moderne mat, alt laga på vårt kjøkken. Ynskjer du å ha selskap, konferansar, møter eller kurs har me gode lokale til fornuftige prisar. Me leverar sjølvsagt også mat for catering.

Les meir om kaféen her.

Turmogelegheiter:
Er du glad i å gå tur, og kanskje lære litt historie i tillegg? Frå tunet på VTM-Eidsborg er det fleire tilrettelagte turar som er tilpassa din form og kondisjon. 
Les meir her om bl.a.
Brynesteinvandring
Rui-plassen

I tunet er det mange hus som har lafta tømmerveggar, ein byggeskikk som fortsatt er i bruk. Barn kan bygge sitt eiget «laftehus», med stokkar opp til 150 cm. kan det bli bygningar med både glas og dørar, og kanskje i fleire etasjar.

Velkomen til Eidsborg!

Veiledende priser

BillettypeBillettavgift
2017. Årskort enkeltperson. Gjeld inngang på alle våre anlegg og 50% på arr.NOK 400,- per år
2017. Årskort familie. Gjeld inngang på alle våre anlegg inkl. kanalparkenNOK 700,- per år
2017. Barn 6-15 årNOK 50,- pr. person
2017. Familiebillett 4+NOK 250,- per dag
2017. Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 500,-NOK 80,- pr. person
2017. Honnør/studentNOK 80,- pr. person
2017. Voksne (fra 16 år)NOK 100,- pr. person

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • kafé
  • familievennlig
  • gratis wifi
  • åpent hele året
  • uteplass

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • kunsthåndverk
  • bygdegård
  • håndverk
  • omvisning i åpningstiden
  • museumsbutikk
  • tekstilkunst
  • husflid

Kirketyper

  • stavkirke

Map & Directions

View Also Around

Opening Times

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2017 - 31 Des 2017)
DagTider
Vårsesong (1 Mai 2018 - 14 Jun 2018)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00
Sommarsesong (15 Jun 2018 - 15 Aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 18:00
Haustsesong (16 Aug 2018 - 31 Aug 2018)
DagTider
Mandag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Utstillinger

    Statkraft sitt visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den...

    101 m unna
  2. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    305 m unna
  3. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    939 m unna
  4. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    2.00 km unna
  1. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    2.42 km unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    2.44 km unna
  3. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    2.56 km unna
  4. Type

    Type:

    Severdighet

    Tokke Kraftverk

    Stor kraftstasjon med omvising.

    2.73 km unna
  5. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    4.64 km unna
  6. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    7.56 km unna
  7. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    10.62 km unna
  8. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    11.64 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres