A a

Kunstutstilling i Rauland: "Ode til røttene"

Kunstutstilling i Rauland: "Ode til røttene"

Kunstutstilling i Rauland: "Ode til røttene"

I denne utstillinga vidarefører kunstnarduoen Gjertrud Hals og Torill Brosten eit prosjekt frå 2010 i Kunstnersenteret Møre og Romsdal. Eit land-art prosjekt som tek med seg naturen inn i galleriromet.

I denne utstillinga vidarefører kunstnarduoen Gjertrud Hals og Torill Brosten eit prosjekt frå 2010 i Kunstnersenteret Møre og Romsdal. Eit land-art prosjekt som tek med seg naturen inn i galleriromet; røter, greiner, kvistar, trelav og mose og kanskje også andre verdlause/ funne objekt. Interessa deira er fyrst og fremst på det organiske, som samsvarar med utgangspunktet , ideen om å ”nærme seg skogen” frå forskjellige vinklar.

"Vi forheld oss til verket som til ein organisme med sitt eige liv, med ei ibuande kraft til å invadere omgjevnadane: Med utvekstar som forgreinar seg og søkjer seg i ulike retretningar, krypande tentaklar som sprer seg ut over golv og veggar, og tynne, fine trådar som festar rseg i taket.." Utstillinga visast i Rauland Kunstforening og er open fram til 20. november.
Mer informasjon på www.visitrauland.com

 
Share |
Print