Utforsk Telemark

EN

NO

Brynesteinsvandring

TypeVandring

Vest-Telemark Museum Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Brynesteinsvandring til i reiseruten din.

  • film
  • gruppe vandrere på toppen av brynesteinsbruddet
  • dronebilde av brynesteinsbruddet på Dalen
  • dronebilde av Brynesteinsbruddet på Dalen
  • Brynesteinsbrudd
  • dame som står på toppen av Brynesteinsbruddet
  • dame som holder brynestein i armen
  • Kanalparken på Vest-Telemark Museum
  • stabbur på Vest-Telemark Museum
  • Vest-Telemark Museum
  • utsikt du får på brynesteinsvandring
  • Brynestein
  • brynestein som er blitt stablet opp

Om

Denne turvegen tar deg opp til steinbrotet Brunåslid. Dette var det største av mange brynesteinsbrot i Eidsborg-Lårdalsområdet. Brotet vart truleg opna tidleg på 1700-talet og var i drift til rundt 1950. Ein ser dei store ”uslehaugane”, som var avfall frå brynesteinsproduksjonen. Ved den øvre haugen ser ein tufter etter ei av arbeidsbrakkene.

Brynestein frå Eidsborg har ei lang historie og ein reknar drift i berga her attende til omlag 700 e.Kr.
Den vart skipa ut vassvegen (Telemarkskanalen).

Brynesteinen er og ei særmerkt handelsvare som allereie vikingane tok med seg ut på sine ferder. Brynestein er slik funnen over heile  Europa.

Middels krevjande tur i kupert terreng. Stigen fylgjer store delar av ein gamal ferdselsveg som i dag er ein del av pilgrimsvegen i Vest-Telemark.Turen er ikkje lengre enn 4 km, men ein bør likevel rekne 2 timar på grunn av terrenget. Etter den fyrste stigninga kjem du til eit utsynspunkt med benk. Det er og benkar på toppen ved brotet. Ved start og under heile turen er det informasjontavler og retningskilt. Frå brotet kan du gå fylkesvegen attende til museet.

Turen startar ved Vest-Telemark Museum, Eidsborg. Det er godt skilta til Vest-Telemark Museum frå Høydalsmo og Dalen. Parkering ved museet og Eidsborg stavkyrkje. Stigen startar ved Juvestoga på museumsområdet.  

Tilgang: Mai - oktober 

Hugs godt fottøy! 

Les historia om brynestein frå Eidsborg

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 4 km

Gradering

  • middels

Målgruppe

  • Eldre
  • Familie

Natur og terreng

  • geologiske forekomster
  • skog

Sesong

  • mai - september

Varighet

  • 2 timer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv 450 og skilting til Vest- Telemark Museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du  Fv 450 mot Høydalsmo.  Sjå etter skilt til Vest-Telemark Museum og Eidsborg stavkyrkje.

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    111 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    123 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    146 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    251 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    1.01 km Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    1.96 km Unna
  4. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.46 km Unna
  5. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.87 km Unna
  6. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.46 km Unna
  7. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.52 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.71 km Unna
  9. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    20.22 km Unna
  10. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.26 km Unna
  11. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.04 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.69 km Unna
  13. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.68 km Unna
Previous Next

Se også

Vest-Telemark museum Eidsborg, TokkeEit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong. For opningstider i kanalparken klikk her.

Eidsborg stave church, Vest-Telemark Museum.Eidsborg stavkyrkje, TokkeSjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising tre gonger dagleg i høgsesong. Utanom høgsesong er det omvising etter behov/avtale.

group of hikers at the top of the brynestein quarryBrynesteinsvandring, TokkeSpennande turveg frå Vest-Telemark Museum i Eidsborg til det historiske Brynesteinbrotet. Få med deg brynesteinsutstillinga på Vest-Telemark Museum fyrst.

Ikke gå glipp av