For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Kviteseid Bygdetun

Legg Kviteseid Bygdetun til i reiseruten din.

Address

3850 Kviteseid

Email

Telephone

Tlf: 35069090

Konsert på Kviteseid bygdetun

Om

Korleis såg ein velståande gard ut for 200 år sidan? På Kviteseid Bygdetun finn du svaret.

Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste museum her i landet, og vart etablert attende i 1907. Samlinga formidlar 12 ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Her finn du blant anna Tveitloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. 

Bygdetunet ligg også rett ved Kviteseid gamle kyrkje og Kviteseid gard. Den gamle steinkyrkja vart bygd rundt 1260 og er ei av to steinkyrkjer frå mellomalderen i Vest-Telemark. Staden var lenge eit økonomisk, politisk, religiøst og kulturelt sentrum i Vest-Telemark, strategisk plassert der landevegen og vassvegen kryssar.

Kviteseid Bygdetun skal gje eit inntrykk av korleis ein velståande gard såg ut for omlag 200 år sidan. Hovudhuset er Flekstveitstoga, fyrste høgda er frå 1600-talet, medan andre høgda vart bygd på i 1738.

Stoga nede er rosemåla av 'den fyrste rosemålaren i Telemark' Talleiv Halvorson Espetveit (ofte berre kalla 'Talleiv Målar').

Av andre hus kan ein nemne Tveitloftet frå 1300-talet, Flekstveitloftet frå 1700-talet og vesleburet frå 1500-talet.


Utsondhalli
Bilethoggaren Gunnar Karelius Utsond vart født i Kviteseid i 1864 og vaks opp på plassen Utsond. Han vart elev på Teikneskulen i Oslo under Julius Middelthun allereie som 17-åring. Gunnar Utsond utdanna seg til tannlege, men det var arbeidet kunsten og skulpturane som tok mesteparten av tida hans.

Gunnar Utsond debuterte på haustutstillinga med skulpturen "Gut som spikkar".

Utsond er best kjend for skulpturen "Helferd" som vann gullmedalje ved verdsutstillinga i Paris i år 1900. Anna arbeid er bl.a. «Havet gav sine døde tilbake» og monumentet over Johan Sebastian Welhaven. Kunstakademiet vart stifta i 1909, og fram til 1921 hadde Gunnar Utsond ei professorstilling på akademiet.

Det blir sagt at i sine fyrste arbeid var Utsond nyromantikar med sterk sans for naturalismen. Seinare vart det ein friare haldning til motiv og komposisjon. I hans siste år blir uttrykket meir omtalt som grotesk symbolisme.

Gunnar Utsond gav skulpturane sine til Kviteseid Kommune før han døydde og desse er i dag samla i "Utsondhalli" på Kviteseid Bygdetun.

Museet har ope kvar dag i sommarsesongen, og elles heile året på bestilling. Det er enkel servering, våre vaflar er kjend for sin gode smak. Ein fredfull plass og eit stoppestad for mange langs si reise på riksveg 41.

Særutstillingar

Aktivitetar

Kviteseid gamle kyrkje
Kviteseid gamle kyrkje er ei steinkyrkje bygd i romantisk stil – frå 1100-talet og er vigd til St. Olav. I mellomalderen vart det bygd flest trekyrkjer (stavkyrkjer). Steinkyrkjer vart berre reist i maktsentra og i folketette område.
Kviteseid gamle kyrkje var hovudkyrkje i soknet og låg ved vassdraget med mykje trafikk. Ting kan tyde på at det her også var ein handelsplass.

Les kva Kviteseid historielag skriv om den gamle kyrkja.

 

Museet er ope i sommarsesongen, sjå datoar til høgre og prisar nedanfor.

Ta kontakt med Vest-Telemark Museum for gruppeomvising utanom sesong.

TripAdvisor

Veiledende priser

BillettypeBillettavgift
Barn 6-15 år 6-15 årNOK 40,- pr. person
Familiebillett (2+2)NOK 200,- per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 500,-NOK 60,- pr. person
Honnør/studentNOK 60,- pr. person
Voksne (fra 16 år)NOK 80,- pr. person

Fasiliteter

Generelle fasiliteter

  • servering

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • bygdegård
  • kulturhistorie
  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden
  • skulpturer

Kirketyper

  • steinkirke

Map & Directions

View Also Around

Opening Times

Open for grupper på bestilling heile året (1 Jan 2017 - 31 Des 2017)
DagTider
Sesong (25 Jun 2018 - 15 Aug 2018)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

* Faste omvisingar kl 1200, 1400, 1600

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Sightseeing

    Veteranbåten MS Fram, Vrådal

    Veteranbåten M/S Fram seiler sightseeingturer fra Straand Brygge i Vrådal. Båten går i...

    3.95 km unna
  2. Type

    Type:

    Galleri

    Galleri Lalla

    Galleri Lalla ligger sentralt i Vrådal i samme bygg som turistinformasjonen. I galleriet...

    3.99 km unna
  3. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Kviteseidbyen

    Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra...

    5.45 km unna
  4. Type

    Type:

    Arkitektur

    Dyrskuplassen

    Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode...

    14.59 km unna
  1. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    14.80 km unna
  2. Type

    Type:

    Arkitektur

    Into the landscape

    Into the Landscape

    International workshop 25th of September to 4th of October with Sami...

    15.56 km unna
  3. Type

    Type:

    Arkitektur

    Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og...

    16.04 km unna
  4. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    16.14 km unna
  5. Type

    Type:

    Arkitektur

    Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På...

    16.31 km unna
  6. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Gonil Dale

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    16.60 km unna
  7. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    16.97 km unna
  8. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Guro Heddeli

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    17.49 km unna
  9. Type

    Type:

    Veteranbåt

    Fjoneferja

    Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet, mellom Nissedal og Fjone.

    19.97 km unna
  10. Type

    Type:

    Kirke

    Flatdal Kyrkje

    Flatdal kyrkje, er ei langkyrkje som vart bygd i 1654. På same staden hadde det tidlegare...

    22.91 km unna
  11. Type

    Type:

    Kunstverk

    Kikkeskåp, Ljose-signe

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    23.04 km unna
  12. Type

    Type:

    Kunstverk

    kikkeskåp, Tårån i troppin

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til...

    23.79 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av