Utforsk Telemark

EN

NO

Mytiske Telemark

Opplev Mytiske Telemark

  1. Badestamt på Uppigard Natadal
    På Uppigard Natadal kan du oppleva tradisjonell gardsdrift i eventyrlege omgjevnader. Opplev forteljarglede, eigenprodusert mat, badestamp under stjernene, og ein atmosfære som gjev inspirasjon og sjelefred. Høyr segn og soger som blir fletta inn i notida med humor, vertskapet kan kunsten å formidle.
  2. Vertskap på Nutheim
    Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjartet av Telemark med lang tradisjon for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Staden har vore i familiens eige sidan 1917, og hotellet drivast no av Ellen Grøstad Barstad og hennar familie.
  3. Sau og vertskap på Rørtveit gard
    I det historierike landskapet med styvingstre, tufter og steinsetjingar frå mange generasjonar tilbake driv folket på Rørtveit med Telemarkskyr, kjøttfe, farga spelsau og norsk kvit sau. Dei har også utegåande lykkelege grisar, gjetarhundar, høner og hest.
  4. Gamle bygg fra Lien Fjellgard
    Lien Fjellgard tilbyr skreddersydde opplevelser med fokus på mat, tradisjoner og kultur. Gårdens gamle restaurerte bygninger gir en perfekt ramme for kurs, møter og selskap.
  5. Vertskap og geiter på Telespinn
    Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden Midt-Svartdal. På garden er det mohairgeiter som produserer ull, og ulla frå desse geitene blir spunne til garn i mange kvalitetar. Telespinn spinn mange slag ull og er spesielt opptekne av å bruke virke frå gamle sauerasar som beiter i dette landskapet.
    1. Gammelt stabbur
      Reis inn i det tradisjonsrike Telemark og høyr soger og myter i eit levende kulturlandskap. Mange av mellomalderhusa er framleis i bruk, og du vil møte folk med lokal kjennskap til opplevingar og produkt. Anten du vil gå i fjell og mark, ta eit gardsbesøk, sove i eit eldhus med solbruna tømmer, handle lokalt handverk eller mat, så kan Telegardar hjelpe til.

    Pakketilbud

    Dekket bord på prestegarden

    Historisk måltid på Nutheim Gjestgiveri

    Bli med på ei reise i tid gjennom eit historisk 5-rettars festmåltid med sagn og forteljing, i den gamle prestegarden på Nutheim.

    Kjærestepar spiser sammen ute i hagen på Nutheim

    Romantikk og myter

    La kjærleiken spire omringa av mytisk natur, overnatt i eit stabbur og få turtips og historiar av det lokale vertskapet.

    Ansatt i Telespinn jobber på spinneriet

    Overnatting på Nutheim og besøk på Telespinn

    Kombiner overnatting og middag på Nutheim med eit besøk på Telespinn, gardspinneriet i Telemark.

    På sykkel i Mytiske Telemark

    1. Nordbygda i Hjartdal står, saman med Svartdal, på den nasjonale lista for utvalde og særleg verdifulle kulturlandskap. For å få ei oppleving av dette, kan du ta deg ein tur langs bygdevegane. Om du syklar vestover frå Holm fylgjer du den nedre gardrekka i Nordbygda med gamle tun og jordbrukslandskap, rike på tradisjonar og forteljingar knytt til stadar og hendingar.
    2. Ynskjer du ein lengre tur med lunsjstopp, må du sykle frå Nordbø, om Nordbygda og Holm Landhandel og vidare til Nutheim i Flatdal, eller motsett veg. Langs denne strekningen vil du oppleve stort spenn i landskapsrom og -dramatikk.
    3. Utsiktspunktet i Flatdal
      Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du utover Flatdal og inn i Skorveveggen. Den grøne dalbotn er ei elveslette, i enden ser du innsjøen Flatsjå.

    Opplev også 

    Bjordal

    Bjordal

    Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og døtrene April, Åse Marit og Miriam om sommaren.…

    Funnerfellen

    Funnerfellen

    Garden Øvre Funner i Hjartdal er ein liten familiebedrift: Funnerfellen. På småbruket driv dei med sau. Funner-familien blei veldig…

    Kråkeroe Staulen

    Kråkeroe Staulen

    På Kråkeroe møter du det unge paret Lina og Sondre Aasan som driv med Telemarkskyr. Her produserar dei gult, nydeleg Seljordsmør,…

    Ikke gå glipp av