For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Other Websites

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

Legg I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg til i reiseruten din.

Address

3880 Dalen

Email

Telephone

Tlf: +47 35 07 56 56

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

Om

Krevjande tur spekka med kultur og historie.
Turen startar på Dalen Bryggje/Dalen sentrum(over vegen for Dalen B&B). Dalen Bryggje er bryggjeanlegg for Telemarkskanalen. Her er utstilling og serveringsplass. God plass til parkering. Vel du å gå frå Dalen sentrum bør du få med deg Rui-jentene som om sommaren står utanfor turistkontoret. Dei er avbilda i full storleik – om lag 1.20 m høge.
I løpet av turen får du med deg fantastiske utsynspunkt og historiske stader som Riarhamaren og Rui. Informasjonstavler og tilrettelagde kvileplassar undervegs. Alternativ løype går opp frå kommunehuset på Dalen og via «Villaen». Denne store, raude bygningen var direktørbustad under drift av Molybdengruvene i berget.

Ta deg god tid opp liane. Ser du etter, vil du finne ein spanande flora med innslag av mange varmekjære planter.

Har du Eidsborg som mål kan du avslutte dagen med eit besøk på flotte Vest-Telemark Museum og museumskafeen. Her ligg óg ei av landets minste stavkyrkjer, Eidsborg Stavkyrkje. 

Har du framleis att energi vel framme i Eidsborg kan du ta ein tur opp i dei kjende brynesteinsbrota. Historia om «Brynestein frå Eidsborg» er skildra inne på museet.

Turfakta:

Tilgjengeleg:  april – oktober 

Turkart: Tokke 1 : 50000

Lengde: 1,5 / 5,5 km

Gradering: Raud 

Totale høgdemeter:  468

Skotøy: valfritt

Høgaste punkt:  Eidsborg 540 moh

Les meir:  Boka om Rui-jentene er til sals på turistkontoret.  www.visitdalen.com

http://telemarkshistorier.no/historie/eventyret-om-rui-sostrene/

Vandretur – «I Rui-jentenes fotspor» med overnatting på Dalen Hotel!  

Frå kr 2150,- per person/natt i dobbeltrom

Inkludert i pakka er overnatting på Dalen Hotel, 3 rettars middag, frukost og afternoon tea (kl 13.00-15.30).

Pakka er tilgjengeleg gjennom heile sesongen. 

http://dalenhotel.wpengine.com/hotellpakker/rui/

 

Fasiliteter

Natur og terreng

  • elg
  • skogsområde
  • gjestebrygge
  • blandingsskog
  • Pilgrimsleden
  • foss

Sesong

  • april
  • august
  • juli
  • juni
  • mars
  • mai
  • oktober
  • september

Varighet

  • 4 timer

Gradering

  • krevende
  • fargegradert turmerking

Map & Directions

Veibeskrivelse

Køyreskildring:

Turvegen startar på Dalen/Dalen Bryggje.

Om du kjem langs E-134 frå aust, ta av i Høydalsmo og fylg Fv.45 til Dalen. Dalen Bryggje ligg på venstre hand i det du kjem ned Eidsborgberget. Etter om lag 500m kjem du til Dalen sentrum. Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen: Du kjem fyrst til innkjøringa til Dalen sentrum, så får du Dalen Bryggje på høgre hand etter om lag 500m.

God plass til parkering både ved Dalen Bryggje og i Dalen sentrum.

View Also Around

Beslektet

Rui-plassen, Tokke

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Arkitektur

    Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, «eventyrhotellet» fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn...

    238 m unna
  2. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    407 m unna
  3. Type

    Type:

    Kunsthall

    Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...

    832 m unna
  4. Type

    Type:

    Arkitektur

    Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    867 m unna
  1. Type

    Type:

    Severdighet

    Tokke Kraftverk

    Stor kraftstasjon med omvising.

    1.63 km unna
  2. Type

    Type:

    Kirke

    Eidsborg Stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum Eidsborg.

    2.22 km unna
  3. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og mange utstillingar....

    2.38 km unna
  4. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    3.17 km unna
  5. Type

    Type:

    Museum

    Grimdalstunet

    Her kan du få eit blikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...

    5.36 km unna
  6. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.74 km unna
  7. Type

    Type:

    Museum

    Åmdals Verk Gruver

    Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta. 

    8.37 km unna
  8. Type

    Type:

    Arkitektur

    Bandaksli Bryggje

    Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.

    10.97 km unna
  9. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.93 km unna
  10. Type

    Type:

    Opplevelsessenter

    Norsk Skieventyr, skimuseet i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...

    23.41 km unna
  11. Type

    Type:

    Sightseeing

    Veteranbåten MS Fram, Vrådal

    Veteranbåten M/S Fram seiler sightseeingturer fra Straand Brygge i Vrådal. Båten går i...

    30.64 km unna
  12. Type

    Type:

    Utstillinger

    Kviteseid Bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan?

    30.66 km unna
Previous Next

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Sitemap

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av