For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies

Other Websites

Sign up - Contact

Nyhetsbrev - Kontakt

Kvennavegen

Legg Kvennavegen til i reiseruten din.

Address

3864 Rauland

Email

Telephone

Tlf: 35 06 26 30

Kvennavegen

Om

Ta båten til Noregs høgastliggande kyrkjesokn og vandre langs Kvennavassdraget på Hardangervidda. 1,9 km rundtur på Møsstrond i Vinje.

Lett rundtur for heile familien – ein favoritt blant besteforeldre! Turen startar med ein båttur med Fjellvåken inn til Mogen Turisthytte, der Kvennavegen startar. Turvegen er godt tilrettelagt og går i flatt og lettgått terreng. Her kan du går tørrskodd over myra på ein plankeveg av malmfuru, eller gå nedom badeplassen for å ta ein frisk dukkert i Kvenna. Nyt elvesus og fossebrus frå vakre svaberg, og lytt til ”snakkestolpen” der møsstrendingane fortel deg om livet i den veglause fjellbygda.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Frå Kvennavegen er det utsikt mot fjellgarden Argehovd, som er ein av dei veglause gardane på Møsstrond. Sjølv om Argehovd ligg 3 mil frå næraste bilveg, er både den og fleire andre veglause gardar framleis i drift. Vegmangelen gjer at mange bygdefolk i tillegg til gardsdrift, reiseliv og utleige av jakt og fiske lever av å køyre folk og varer med båt og snøskuter. Her er vatnet vegen heile året, også når isen er usikker. Vår og haust kan det gå fleire veker mellom kvar gong dei som bur her får post eller er på butikken.

Aktivitetar ved Kvennavegen
Møsstrond Turisthytte: For deg som vil vere på høgfjellet litt lenger. Overnatting, servering.

Fjellvåken II: Båten som tek deg inn til Møsstrond og Kvennavegen.

Fiske: Tenk å få fjellauren på kroken! Lage seg ein fersk fiskemiddag på bål om kvelden.

Hardangervidda nasjonalparkrute: Ein annleis biltur gjennom Øvre Telemark, i randområda til Hardangervidda. Undervegs kan du for eksempel besøke Heddal Stavkyrkje, Krossobanen eller Telemarkstunet, eller rusle ein liten tur i eit flott fjellandskap. God tur!

Hardangervidda nasjonalpark: Det høgste høgfjellsplatået i Nord-Europa. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og den sørlegaste utposten for fjellrev, snøugle og mange andre artar av arktiske planter og dyr.

Mogen Turisthytte: Populær innfallsport til Hardangervidda. Betjent turisthytte som tilbyr overnatting og servering. Du kjem hit med rutebåten Fjellvåken.

Argehovd: Veglaus fjellgard ved Mogen Turisthytte. Garden er framleis i drift, og her kan du leige hytter med jakt og fiske.

Map & Directions

View Also Around

Også i nærheten

  1. Type

    Type:

    Andre attraksjoner

    Ravnejuv

    350m høgt stup med oppdrift!

    8.15 km unna
  2. Type

    Type:

    Fortidsminne

    Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Tokke hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein frå Eidsborg...

    12.03 km unna
  3. Type

    Type:

    Bygning/Kulturmiljø

    Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    14.47 km unna
  4. Type

    Type:

    Kulturminne

    Øverbø

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    24.22 km unna

Søk hva er i nærheten

Type produkt
Nærhet
Innen metres

Følg oss...