Utforsk Telemark

EN

NO

Lær om gamle teknikkar: Holbeinsting og gimping

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Holbeinsting, handverksaktivitetar i Eidsborg.
  • Holbeinsting, handverksaktivitetar i Eidsborg.
  • Holbeinsting, handverksaktivitetar i Eidsborg.
  • Gamle handarbeidsteknikkar, husmannsplassen i Eidsborg.
  • Gimping, handarbeid, husflid, Vest-Telemark museum.

Om

Magnhild Omtveit Haugen og Heidi Naper frå Kviteseid husflidslag tar turen til husmannsstoga i Eidsborg for å vise brodering med holbeinsting og gimping.

Gimping, også kalla gaffelhekling eller hårnålshekling, er ein handarbeidsteknikk som gjeng ut på å lage remser av garn for så å hekle desse saman. 
Arbeidet blir veldig delikat, og teknikken passar fint til sjal, babytepper, genserar, toppar og skjørt.

Holbeinsting er eit enkelt sting, også kalla krunesaum eller doble forsting. Det er å finne på dei eldste tekstilane på Vest-Telemark museum, frå 1700-talet og framover. Det var eit ideelt sting for symbolikkbruken som var så viktig for menneska på den tida. Men stinget er sjelden i bruk her i dag.
Velkomen innom for å slå av ein prat med utøvarane.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av