Utforsk Telemark

EN

NO

Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022

TypeUtstilling

Borsævegen 395, 3880, Dalen

Legg Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022 til i reiseruten din.

Kunst av Liv Sonja Flolid
  • Kunst av Liv Sonja Flolid
  • Product Image
  • Tove Estensen
  • Kunst av Ruth Kvålo

Om

Liv Sonja Flolid, Ruth Kvålo Dalen og Tove Estensen er sommarens gjesteutstillarar.

Tove Estensen
Jeg er fra et lite kystsamfunn nord i Trøndelag, nærmere bestemt Vik i Flatanger. Jeg har maleatelier mitt i hagen, og der tilbringer jeg mye tid. Jeg er gift, har fem voksne barn og to barnebarn.

Jeg har alltid hatt en glede av å skape med hendene, og malingen har jeg holdt på med siden 2003. Akrylmaling tok min tid fram til 2015. Da gikk jeg på akvarellkurs, og siden har jeg vært forelsket i papiret og fargene.  Jeg liker å eksperimentere med teknikker og farger og vil hele tiden utforske.  Malingen er min frisone der jeg kan slippe meg løs. Aller best liker jeg å leke, la fargene leve sitt eget liv uten at jeg skal styre det så mye. De beste bildene kommer når jeg starter uten noen klar tanke bak bildet. Da jobber jeg gjennom lag på lag, og sakte vokser bildet fram. Plutselig ser jeg en liten aning av en kontur- og da skjønner jeg hvilket motiv som vil fram.

Jeg maler gjerne naturbilder. Ofte er det nemlig i naturen at jeg finner inspirasjon, jeg ser små ting vil jeg gjenskape på papiret. Naturen gir meg både ro og energi, og jeg finner meg selv når jeg er i naturen. Noen motiver er fra hjemkommunen Flatanger, men ofte er det ikke et spesielt sted som gjenskapes. Jeg vil nemlig at bildene skal være ekte og autentiske, men ikke for likt fotografier. Kunsten skal gi noe annet enn et foto kan - en skal kunne kjenne seg igjen, men også se noe nytt.

Ruth Kvålo Dalen

Født 18.06.73   Bustad: Øyfjell i Vinje

Eg voks opp i bygda Høydalsmo, 100 meter frå kommunegrensa til Vinje og bygda Øyfjell.
Mor og far hadde eit lite småbruk som låg innerst inne i Lidvegen. Det var få ungar på min alder i nærleiken og eg lærte meg fort at fantasi og kreativitet var godt å ha. «Å lage ting» var det beste eg visste! Eg var ikkje så opptatt av å leike men bruka heller tid og energi på eigne små og store «kunstprosjekt» der alt måtte prøvast. Teikning og malerkunst fasinerte meg tidleg, og eg kunne drøyme meg burt til ei ana verd når eg fekk høyre om dei store kunstnarane frå forgangne tider.

Eg tok med meg fasinasjonen for kunst, og iveren etter å skape, opp gjennom heile oppveksten min. Alt i livet mitt vart etter kvart farga av lysten til sjølv å bli god i dette «faget». Interessa for dei gamle meisterane kom tidleg, og det var viktig for meg å bli tekninsk god. Ha «håndverket» med meg slik at eg hadde eit dugande verktøy å bruke i eige skapande arbeid. Eg valgte forming og kunstfag gjennom både vidaregåande og seinare høgskuleutdanning. Draumen var å drive fullt med det kreative, men eg ville også ha ei «trygg» utdanning i botn som kunne nyttast på vegen fram mot «målet». Derfor valgte eg å søke meg inn på høgskulen i Telemark der eg utdanna meg til faglærar i kunst og handverk.

Eg hadde fleire deltidsjobbar som lærar og jobba ein del med kunstoppdrag ved sida. Portrettmaleriet var noko som fasinera meg og etter kvart vart det mange portrettoppdrag. I ein periode på rundt 3 år tok eg også oppdrag som illustratør for Cappelen & Damm og Schibsted forlag. Eg var innom keramikk for å jobbe meir med det tredimensjonale, mest skulptur, og eg jobba også med festkaker i ein periode på 10 år. Kakene vart etterkvart kreative og skulpturelle kreasjoner som vekte stor interesse. Det vart derfor så mange oppdrag etterkvart at eg måtte velge om eg ville satse på konditor faget eller ana kunst.

Parallelt med alt dette starta eg opp eit stort prosjekt.

I 2004 møtte eg han som eg gifta meg med, og han vart ein sentral del av dette prosjektet. Eg hadde kjøpt ein gamal snekkarverkstad i Øyfjell og var no på flyttefot heim til bygdene igjen etter å ha jobba nokre år som kunstlærar på ein folkehøgskule i Stavanger. Då eg traff Ole fant me fort ut at me begge var opptatt av å leve ut draumane våre, og gründertanken låg nært for oss båe.

I 2009 stod den gamle snekkarverkstaden på Straume i Øyfjell ferdig renovert og klar for å bli opna som galleri etter ein durabeleg dugnadsinnsats frå bygda og ein lokal menighet som vi båe to var tilknytt.

I 5 år jobba vi knallhardt for å ha eit heilårstilbod på galleriet men då vi fekk to små barn, og eit gamalt gårdstun som også skulle renoverast, måtte vi trappe ned galleridrifta. Eg kjente også at eg ville noko meir enn bare å promotere andres kunst. Eg hadde noko ugjort.

Frustrasjonen over å springe etter meg sjølv for å rekke å gjere alt eg hadde lyst til, voks i takt med oppdrag, drift av galleri og andre arbeidsoppgåver. Eg ville meir enn å ha eigen kunst «på sida av ana», eg ville bruke eigen kunst til å formidle det eg var opptatt av og det eg brann for. Grunntanken gjennom alt eg hadde gjort, og alt eg ønska å stå for som kunstnar, var på tide og syne fram.

I 2012 starta vi på det store «gardstun-prosjektet» som skulle bli heimen vår. Vi hadde kjøpt det gamle gardstunet Nigard Lid i Øyfjell der mor mi var født. Dei fleste husa på tunet var i svært dårleg stand. Det kan vere sjarmerande med ripsbuskar opp gjennom golvet i eit kjøkken men ikkje så veldig praktisk... Me satte derfor i gang heilrenovering av hovudhus og oppretting av låven som var på veg ned. Dette vart ein stor og omfattande jobb, og etter å ha gjort det gamle hovudhuset på tunet innflyttingsklart vart målet at eg skulle avslutte all ana jobb og kun bruke tid på eigen kunst. I 2015 opna det seg endeleg rom for dette og eg fekk mogeleghet til å ha full fokus på kunsten og kva eg ville med denne, og etter mange år med kunstoppdrag, galleridrift, illustrasjon og deltaking på ulike kollektivutstillingar kunne eg endeleg fordjupe meg meir i eigen kunst og jobbe meg fram mot mitt eige uttrykk.

Eg jobba målretta med maleri der eg kombinerte mitt konkrete og realistiske formspråk med eit meir surrealistiske symbolspråk, og etter litt over tre år med jobbing på atelieret og etablering av mitt eige biletunivers, stod mi fyrste store utstilling som hovudutstillar i eiget galleri ferdig  sommaren 2018. Det var ein stor dag. Lokalet var pynta med blomsterdekorasjoner og mine store oljemaleri. Ei utescene skulle huse konsert på kvelden. I folkemengda sto også min kjære Ole som hadde lagt ALT til rette for at draumen min skulle gå i oppfylling. Ja eg trur det hadde blitt hans store draum også. Seks veker etter at utstillinga opna døydde han. Då hadde sjukdommen han bar på vorte for sterk for kroppen hans. Noko av mi verd gjekk i knas, men me delte trua på at livet ikkje sluttar her nede, og me heldt fast på, til det siste, at me skulle møtast igjen dersom han måtte reise. Det var ei tung tid, men håpet og trua på at det fantest noko meir heldt meg oppe.

Mitt største ynskje etter dette vart at den som såg mine maleri skulle bli fylt med håp, glede og gode tankar for livet sitt. Eit mål for meg vart å tenne ljos der det var mørkt og gjennom kunsten min kunne hjelpe andre som hadde sett livets «bakside».  Eg ville bidra til å gjere det mogeleg å lyfte fram «de skjønne kunster» som det ei gong hette langt tilbake i kunsthistorien. At det igjen skulle vera lov å bruke superlativ som vakkert, nydeleg og godt.. At ein skulle kunne gå ut frå ein av mine utstillingar å kjenne at ein tung dag vart litt ljosare. Eg ville bruke mine evner til å lyfte og ikkje trykke ned. Peke på løysingar og ikkje bare det vanskelege, og kanskje noko av det eg hadde opplevd hadde gjeve meg ei ny «tyngde» til å formidle noko godt sjølv midt i alle livets harde og uforsonelege situasjonar.

No er min brann, mitt engasjement, for DET VAKRE. Mitt overordna mål er og setje «DET VAKRE» på agendaen igjen og gje det nytt rom i samfunnet vårt. Og då meiner eg «vakker» i sin fulle forstand,- frå innerst til ytterst..For ordet «vakker» er så misbrukt i dag, og det handlar så ofte bare om det ytre. For meg er ordet vakker, noko som betyr så langt mykje meir enn det auga ser ved fyrste augnekast.

Eg har sett både det gode og det vonde i livet,- og desto større er iveren etter å gje vidare det som er godt og viktig for liva våre samtidig med å vere ærleg på at livet av og til kan følast svart og håplaust.  Eg vil heidre Oles minne ved å bruke kunsten min til å peke på at det ALLTID er framtid og håp så lenge me lever her! Og det er dette som gjev livet mitt meining, å møte menneske der dei er, og om mogeleg,- tenne ljos og varme der det kjennest håplaust, kaldt og mørkt.

«For øvrig, brødre, alt som er sant, alt som er ære verdt, alt som er rettferdig, alt som er rent, alt som er elskelig, alt som tales vel om, enhver dyd, og alt det som priselig er – gi akt på det!»
Filipperne 4:8

 

 

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Grimdalstunet (25 Jun 2022 - 14 Aug 2022)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00
Offentlig Høytidsdag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    104 m Unna
  2. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    4.30 km Unna
  3. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…

    5.17 km Unna
  1. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    5.34 km Unna
  2. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    5.51 km Unna
  3. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling ved Dalen Fotoklubb

    5.77 km Unna
  4. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    5.78 km Unna
  5. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    6.29 km Unna
  6. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    7.11 km Unna
  7. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    7.37 km Unna
  8. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    7.38 km Unna
  9. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    7.47 km Unna
  10. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    7.48 km Unna
  11. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    8.34 km Unna
  12. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    10.24 km Unna
  13. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    13.46 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av