Soria Moria drop-in sauna kvar onsdag kl. 16.00-20.00. Du treng ikkje booke til drop-in, då møter du berre opp. Badstoga har plass til maks 15 personar. Pris kr. 50,- pr. pers til Vippsnummer 550539. Om du ikkje har Vipps kan du betale med kort i resepsjonen på kommunehuset før stengetid (kl. 15.30), eller legge kontanter i kontantkassa på veggen i skifterommet nede ved badstoga.
Parkering på p-plass til venstre ved friområde i Markensvegen, og så går du ned til badstoga (200 m) Sjå kartet her
Presisering av hygienereglar:
- Alle må dusje før ein går inn i badstoga! Dusj og toalett i sanitærbygget ved p-plass står ope i drop-in tida.
- Personar med symptom på luftvegsinfeksjon (hostar eller nys) har ikkje adgang.
- Ha på badetøy og sitt på handkle på benken!
Nyt varmen og utsikten, skriv deg gjerne inn i gjesteboka og del gjerne bileta med oss på sosiale media med #soriamoriasauna #visitdalen
For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkalenderen vår
Nokre reglar for bruk:
- Dusj før du går inn i badstoga!
- Ha på badetøy og bruk handkle på benken. Ta med eit ekstra handkle så du har eit tørt eit til å tørke deg med.
- Ha med godt med drikkevatn, vatnet i krana i badstoga er ikkje drikkevatn.
- Badesandalar/sko kan vere lurt å ha med, i tillegg til ei badekåpe.
- Omkledningsrom finn du til høgre for badstoga, det er ikkje låsbart så oppbevaring av verdisaker er på eige ansvar.
- Det er ikkje toalett eller dusj i saunabygget. Bruk sanitærbygget ved p-plass der du går ned til badstoga, ca 200 meter unna. Sanitærbygget står ope i drop-in tida.
- Born under 16 år må ha med seg ein vaksen på drop-in onsdagar.
- Alkohol er ikkje tillate.
- All bruk av saunen er på eige ansvar.
- All bading i Bandak er på eige ansvar.
- Bruk stigen til å komme deg ned og opp av vatnet. Ver obs på at golvet ute er glatt når det er vått!
- Ikkje bruk glass i badstoga, pappkrus eller anna er fint.
- Rydd opp etter deg og ta med søppelet.
Kos deg!
For spørsmål, kontakt oss på tlf. 35 07 56 56 eller info@visitdalen.com. For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkaldenderen vår
Soria Moria Sauna (23 Feb 2022 - 15 Jun 2022) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Onsdag | 16:00 | - 20:00 |
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…