Utforsk Telemark

EN

NO

Trådteknikkar, brikkevev og slyngestokkar

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Borghild Telnes.
  • Borghild Telnes.
  • Husflid og handverk, brikkevev, Vest-Telemark museum Eidsborg.

Om

Borghild Telnes og Sigrid Brennemo frå Seljord husflidslag er klare til å benke seg i husmannsstoga i dag. Er du nyfiken på spanande trådteknikkar, fletting, brikkevev eller bruk av slyngestokkar, kan desse to utøvarane lære bort kunnskap om desse teknikkane.
Borghild Telnes har for tida ein utstilling inne i museet - "Ein skog av trådar". 
I 2020 fekk ho Telemark fylke sitt stipend for husflid og handverk, og arbeida som vert vist i sommar har i hovudsak blitt til i stipendperioden der ho arbeidde med telemarksbinding i kombinasjon med andre kunstuttrykk.

Slyngestokkar eller slingrestokkar er ein type reiskap brukt til å framstille firfletta tråder, snorer og band. Brikkevev er ein teknikk for bandveving.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av