Krafta som endra Vest-Telemark

Tokke kraftverk (opna i 1961) var den tidas største og mest moderne. Her er sentralen der «krafta» blei styrt på 1960-talet

 

Kan hende du trur at krafta er eit gigantisk energifelt. Og det er heilt sant – ikkje berre i Star Wars. Krafta og energien som finst på Hardangervidda er minst like viktig – for Vest-Telemark og heile Sør-Noreg, og for fjellkommunane Tokke og Vinje.

Til langt ut på 1960-talet kunne ein sjå slike vasshjul rundt om i Noreg
Til langt ut på 1960-talet kunne ein sjå slike vasshjul rundt om i Noreg

Kring år 1900 var små og store vasshjul eit vanleg syn i Noreg. Stamper, kverner, sagbruk og pumper blei drive med mekanisk energi frå dei tusen bekkar. Men industrialiseringa var i full gang, og langs Akerselva hadde ein byrja med elektriske motorar. Til forskjell frå utlandet slapp ein store dampmaskinar – ein kunne jo lage elektrisk straum direkte frå vasskrafta!

Kraftpionérane

Som i alle delar av landet fanst også i Vest-Telemark nokre flogvit som såg på verda med ingeniørauge. Dei hadde ofte inga utdanning, men lét seg fascinere av teknologien og potensialet dei såg. Husmannssonen Olav O. Rogndal frå Eidsborg var ein slik. Som 17-åring gjekk han til fots til Christiania for å få tak i bøker – om medisin, fysikk og elektroteknikk.

Den sjølvlærte oppfinnaren Olav O. Rogndal (1853-1932) i Lårdal var den fyrste til å bygge vasskraftverk i Vest-Telemark
Den sjølvlærte oppfinnaren Olav O. Rogndal (1853-1932) i Lårdal var den fyrste til å bygge vasskraftverk i Vest-Telemark

Olav slo seg ned som apotekar i brattlendte Lårdal. Der bygde han det fyrste kraftverket i Vest-Telemark, med berre brukte delar. Til hundreårskiftet 1900 stod underverket klart. Det var ein enkel konstruksjon – skulle ein slå av straumen måtte ein springe opp til elva for å stoppe vatnet. Men det fungerte – og Olav blei sett på som ein trollmann.

Utover 1900-talet blei Lårdal Vest-Telemarks viktigaste industribygd. Spinneri, brynefabrikk og sagbruk trong energi. Laurdals Uldspinderi var fyrst ute med å bruke straum frå eige kraftverk, bygd rett ved fabrikken i 1907. Det var enno likestraum – vekselstraum kom ikkje før i 1942 – og ikkje alle maskinane kunne drivast samstundes. Men dei var i gang.

Lasteskuffen med sidetipp var ein av oppfinningane som blei gjort i samband med Tokkeutbygginga. Det var maskinførar Gunnar Sending som hadde idéen. Prinsippet er framleis i bruk i tunnelarbeid i dag
Lasteskuffen med sidetipp var ein av oppfinningane som blei gjort i samband med Tokkeutbygginga. Det var maskinførar Gunnar Sending som hadde idéen. Prinsippet er framleis i bruk i tunnelarbeid i dag
Det blei bygd 32 slike dammar i Tokkereguleringa. Her frå Ståvatn på Hardangervidda, som ligg på grensa mellom Vinje og Odda kommune
Det blei bygd 32 slike dammar i Tokkereguleringa. Her frå Ståvatn på Hardangervidda, som ligg på grensa mellom Vinje og Odda kommune

Noreg satsar stort

Også den norske stat såg potensialet. Då utanlandske investorar byrja å kjøpe opp fossar, ville regjeringa kome dei i forkjøpet. «Panikklovene» frå 1906 og 1909 regulerte oppkjøpa sterkt, og heimfallsretten blei innført. Forløparen til dagens NVE sikra staten mange fallrettar, bl.a. i Telemark. Desse blei grunnlaget for eit krafteventyr som starta 50 år seinare.

For etter at 2. verdskrig var over, auka kraftbehovet i så stor fart at den fattige norske stat såg seg nøydd til å ta ein stor risiko. Frå 1956 tok Gerhardsen-regjeringa opp to gigantlån i verdsbanken på til saman 700 millionar kroner, for å gjennomføre Nord-Europas største kraftutbyggingsprosjekt – i Vest-Telemark. Telemark fylke og fleire kommunar bidrog med eigne midlar. Totalt kosta prosjektet 940 millionar – 11 milliardar i dagens pengar.

Alt i 1955 starta bygginga av eit lite kraftverk på Haukelifjellet som skulle lage anleggsstraum til utbygginga. I 1956 byrja arbeidet. Over ein periode på 23 år blei det lagt 140 km med anleggsveg, sprengt ut 108 km med tunnelar og reist 32 stein- eller betongdammar. Nesten 2000 millionar m3 vatn blei demma opp, og 7 kraftstasjonar blei bygd. Tokke kraftverk på Dalen var det største, og «Tokkeutbygginga» blei namnet på heile prosjektet.

Garden Havradalen i Vinje var ein av plassane som blei demt ned i 1961. Her står Tor Havradalen ved restane av det vesle vasskraftverket på garden

Garden Havradalen i Vinje var ein av plassane som blei demt ned i 1961. Her står Tor Havradalen ved restane av det vesle vasskraftverket på garden

 

Bygda blir snudd på hovudet

Verknaden for lokalsamfunna i Mo/Lårdal og Rauland/Vinje (frå 1964 Tokke og Vinje), og for kommunane rundt, var ubeskriveleg. På kort tid blei det skapt over 1200 godt betala arbeidsplassar. I 1961 var nesten 1700 menneske i sving – inkludert lokalt innleigde. Kommuneøkonomien blei snudd på hovudet. Folk frå heile landet flytte til, saman med sine familiar. Folketalet i Dalen og Åmot blei nesten dobla. Velstanden auka, det fanst ikkje arbeidsløyse. Ungdom gjekk frå skulen rett ut i læra på anlegget.

Det blei ei veldig modernisering. Vegnett og telefonsamband blei bygd ut. Husstandar og gardar rundt om fekk elektrisitet. Det kom store maskinar, lastebilar og beltevogner. Mykje var av det mest moderne som fanst, noko kom direkte frå USA. Det blei gjort oppfinningar, til dømes ei lasteskuffe med sidetipp. Det kom samfunnshus, nye skular, posthus og bank.

 

Men det var også dei som blei bekymra. Utbygginga gjekk føre seg i eit sårbart fjell-landskap. Jakt og fiske blei påverka, og moltemyra tørka ut. Heile gardstun, slik som Havradalen i Vinje, blei sett under vatn. Andre stader blei elver tørrlagt. Utover 1960-talet byrja folk å bekymre seg for skadane i naturen. I dag er miljø eit tema ein må ta omsyn til, og reglane er strenge.

Ei gullkanta investering

22. august 1961 trykka statsminister Einar Gerhardsen på ein jukseknapp og opna Tokke kraftverk. Det var det til då største i Noreg, med fire turbinar som laga til samen 430 MW. Så kom kraftverka som perler på ei snor: Vinje og Songa (1964), Byrte og Lio (1969), Kjela (1979) og Hogga (1987). Til saman produserer dei 4,4 TWh i året – nok til å forsyne 200.000 hus med straum.

 

Tokkeutbygginga viste seg å vere ei gullkanta investering. Alt i 1986 var utbyttet på heile 600 millionar kroner, og då var alle lån betalt attende! Sidan har Tokke-reguleringa vore ei pengemaskin for Vest-Telemark og Noreg. Slik har ein framsynt politikk, kombinert med unike landskapsmessige forhold, sytt for at fornybar energi gjev verdiar attende til lokalsamfunn langt frå allfarveg.
Difor: takk til krafta!

Av Tilman Hartenstein, formidlingsansvarleg ved Vest-Telemark Museum

Natur