Utforsk Telemark

EN

NO

Hjortehagen

TypeHytter

Stengerveien 433, 3760, Neslandsvatn

Legg Hjortehagen til i reiseruten din.

Hjortehagen stabburet ute
  • Hjortehagen stabburet ute
  • Oversiktsbilde Hjortehagen på Neslandsvatn
  • Oversiktsbilde område Hjortehagen Neslandsvatn
  • Hjort med kalv hos Hortehagen på Neslandsvatn
  • stabburet med uteplass/bålplass hos Hjortehagen
  • Hjortehagen stabburet soverom
  • Soverom stabburet Hjortehagen
  • Hjortehagen stabburet bad
  • Hjortehagen stabburet stue kjøkken
  • Hjortehagen stabburet kjøkken med utsikt
  • Hjortehagen utsikt fra stua
  • Hjortehagen stabburet kjøkken
  • Hjortehagen stabburet
  • Hjortehagen stabburet, stua
  • Hjortehagen utsikt fra stabburet
  • Hjortehagen 3 barn på trappa til stabburet
  • foring av hjort i hjortehagen
  • Foring av hjort i Hjortehagen
  • FOring i hjortehagen

Om

På ein hjortefarm berre ein halvtime frå Kragerø finn du denne heilt spesielle overnattingsstaden. I det store stabburet kan du drøyme om gamle dagar i dei 200 år gamle soveromma, og nyte utsikta og stillheita i ein ny, luftig 2. etasje. Rett utanfor døra kan du kan vera med og mate hjortane som går og beiter bak gjerdet. 

Ved bålpanna kan du kose deg på lange sommerkveldar eller friske haustdagar. Ei eiga lita strand med fin kveldssol er tilgjengeleg på eigedomen, og det er ofte god badetemperatur her i Neslandsvatn. 

Stabburet passar godt for ein stor eller to mindre familiar, eller for eksempel to vennepar. I den gamle delen i 1. etasje er det to store soverom med ei dobbeltseng og ei enkeltseng i kvart rom. Det er også plass til ei madrass på kvart golv. Tømmerveggane i soveavdelinga er 200 år gamle. 

I 1. etasje er det også bygd eit nytt, lite bad med wc og dusj. Oppe i 2. etasje finn du den opphaldsrommet med kjøkken, spiseplass, utsikt og soner for avslapping. 

Ute finn du ei bålpanne med sitteplassar rundt, og eit leikestativ med sklie. Kaffien kan du nyte på stabburstrappa eller i steinstolane medan du ser hjortane tusle omkring på jordet. Det er rundt 20 vaksne dyr i hjortehegnet, og frå midten av juni kvart år kjem dei søte kalvane som går på beite saman med mødrene sine. 

Det er eit utleigehus til på garden, i tillegg til hovudhuset der vertskapet bur.

Det er parkeringsplassar i tunet og elbil-ladar tilgjengeleg. Me anbefalar eigen bil når ein bur her, for å kome seg rundt på alle aktivitetar og attraksjonar i området. Frå E18 tek det rundt 15 minuttar å køyre hit både frå Tangen og Gjerdemyra. 

Neslandsvatn stasjon er 3 km unna, og kjem du med tog (Sørlandsbanen) finst det transportmoglegheiter vidare hit - berre ta kontakt.

Sengetøy og eit håndklesett per person er inkludert. 

Neslandsvatn i Drangedal kommune er eit koseleg område med mange fine turmoglegheiter og badeplassar. Me hjelper meir enn gjerne til med å finne dei turmåla som passar for deg.

Koselege Kragerø by er berre 30 minuttar unna med bil. Det same er Hufjell besøksgård i Drangedal, som har eigen vannpark og er svært populært blant barnefamilar. Den lille dyrehagen på Brokelandsheia er også berre ein halvtime unna.

Det er matbutikk i sentrum rett på andre sida av vatnet, 3 km å køyre eller gå. Der er det også ein fin gang- og sykkelveg med ulike aktivitetar for små og store, og ein badeplass med skiftehus. 4 km borti vegen her finn du Yogalåva, som har yogatilbod, økologisk gardsbutikk og glamping, og er du heldig har Turid bakedag og tilbyr økologiske surdeigsbrød og kanelsnurrar. 

 

Velkomen hit til Neslandsvatn! 

Fasiliteter

Dyr/fiske slag

  • hjort

Havnefasiliteter

  • grillplass

Kapasitet

  • 1-10 personer - 8
  • antall soverom - 2
  • antall WC - 1

Natur og terreng

  • badeplass
  • innsjø

Utleie

  • båtutleie

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forHjortehagen (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

915 85 739

Også i nærheten

  1. Kroken kirke

    Kroken kirke som er bygget som langkirke i tømmer, ligger ved Heldøla. Kirken ble innviet…

    2.99 km Unna
  2. Kjeåsbrua

    En vakker steinhvelvsbru fra 1927

    16.02 km Unna
  3. Buene i Prestestranda

    De gamle handelsbuene i Prestestranda representerer tidligere tider med stor trafikk…

    16.02 km Unna
  1. Drangedal kirke

    I sentrum i Drangedal ligger det en flott korskirke idyllisk til, med utsikt utover Toke

    16.14 km Unna
  2. Drangedal bygdetun

    Drangedal bygdetun er sannsynligvis et av Norges flotteste friluftsmuseér med vakre…

    16.24 km Unna
  3. Halfdans Bokhus

    Halfdans Bokhus ligger i de gamle lokalene til samvirkelaget i Kjosen. Her finner du…

    22.70 km Unna
  4. Gautefall fjellkirke

    Gautefall fjellkirke ble innvidd i 2010, har pyramideform og er i mur og tre.

    27.85 km Unna
  5. Tørdal kirke

    Tørdal kyrkje ligger på Bø nord for Bjårvann. Tørdal var tidligere anneks-sokn til…

    29.61 km Unna
Previous Next