For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

Fyrålåmi 2020

TypeSport

Åmdals Verk, 3882, Åmdals Verk
Fyrålåmi 2020

Om

Fyrålåmi er ein tradisjonsrik tur som gjeng palmesundag kvart år.
Løypa er på 20 km og går i fint terreng frå Fyrå på Skafsåheia til Åmdals Verk Samfunnshus.
Årets utgåve er den 34. i rekkja, og datoen er 5. april
Det vert sett opp bussar frå Åmdals Verk Samfunnshus og opp til start på Fyrå.
Vel nede i mål på samfunnshuset er det registrering der ein får følgande premiar:
1. år - Diplom
2. år - Merke
5. år - Fat
10. år - Vase
15. år - "Elgen"
20. år - Krystallskål
25. år - Karafell
30. år - Geilo bolle

Det er også basar på samfunnshuset med mykje flotte heimlaga gevinstar.

Mat er også viktig etter ein lang tur, difor er det mogleg å få kjøpt suppe, pylser, kake og kaffi.

Vel møtt til ein flott palmesundag på Åmdals Verk!

TripAdvisor

Kart

Kontakt

Åpningstider

Fyrålåmi (5 Apr 2020)
DagTider
Søndag08:00 - 17:00

Ikke gå glipp av