Fredag 24. juni kl. 18.00 blir det opning av sommarutstillinga 2022 på Grimdalstunet.
Etter ein flott og varm mottaking av alle kunstnare på Grimdalstuet i fjor med stor sals-suksess, er vi stolte av å presentere tre nye unike kunstnar i sommar: Liv Sonja Flolid, Ruth Kvålo Dalen og Tove Estensen.
Med tre dyktige kunstnarar blir det ei spennande, variert og fargerik salsutstilling. Kunstnarane vil vera på Grimdalstunet frå kl 16.00, slik at publikum kan sjå utstillinga saman med kunstnane og snakke med dei om kunsten deira på førehand.
Liv Sonje Flolid er figurativ i det meste. Ho likar å forenkle. Motiva er ofte hus som ho komponerer med form og farge og ho er heile tida på leiting etter korleis ljoset påvirkar motiva hennes. Ho ynskjer at bileta skal vere BALSAM for sjelen.
Ruth Kvålo Dalen – vår lokale kunstnar – har bruka mykje tid på å fordjupe seg for å skape kunst. Ruth vil setje «DET VAKRE» på agendaen.
Tove Estensen har ein altomslukande glede over å skape bilder. Bilder frå det mektige kystlandskapet på Vestlandet med skiftande vêr.
Tokke har spenstige, flinke ungdomar som står for det musikalske innslaget. I år er det Rosa og Lavrans Grøstad Johnson og Sondre Fosli Stenseth og Jentekoret som tryllar fram tonane.
Kunstbutikken vår har mange fine ting I tillegg sel vi litograti av Harr, Andvik, Knoop, mfl.
Hugs å ta ein tur innom Draumkvedsalen og sjå den flotte utstillinga til
Karl Erik Harr med 30 bilder frå Draumkvedet. Vi er stolte over utstillinga.
I år har vi hatt Draumkvedet i 25 år på Grimdalstunet.
Kafe-menyen: kjøtsuppe, graut, kaffi og kaker. Grimdalstunet og kafeen er open frå kl 16.
No er vårreingjeringa gjort på Grimdalstunet og det er med stor glede vi ynskjer alle hjarteleg velkomen til ein triveleg ettermiddag med kunstnarane, kunsten, musikalske innslag, god suppe, kaffi og kaker og ikkje minst gleda ved småprating. Velkomen - velkomen
Kafé-meny: Kjøtsuppe, graut, kaffi og kaker.
Grimdalstunet og kafeen har opent frå kl. 16.00.
Inngang kr. 100,- på Kunstnarsleppet.
Hjarteleg velkomen!
Styret i Grimdalstunet
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
Vinjesenteret er et nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Fyresdal Bygdemuseum ble stiftet i 1909 og er et av Norges eldste bygdetun. Her finner du…