I år er det 150 år sidan Olav Bjaaland blei født. Ta turen innom Norsk Skieventyr i Morgedal og bli betre kjend med denne spanande polfaraen og skiløparen!
Han fekk sine første ski tre år gamal. Han fekk opplæring i skigåing av dei vidgjetne Hemmestveit-brørne. Ti år gamal vann han sin første skipremie. Som 29-åring fekk han kongepokalen, og han imponerte som skihoppar på det berømte vinterstemnet i Chamonix i 1909.
Men korleis kom Olav Bjaaland til å bli del av Roald Amundsen sin berømte sydpolferd i 1911? Kva rolle hadde han under ekspedisjonen, og kvifor bad Amundsen Bjaaland om å gå som førstemann til polpunktet? Kor mykje tydde han for at turen blei ein suksess? Kvifor blei det han som i høg alder fekk æra av å tenne fakkelen i Morgedal før vinter-OL i 1952?
5. mars er det 150 år sidan skihelten Olav Bjaaland kom til verda i Morgedal. Få med deg føredraget av forfattar Halvor Kleppen om Bjaaland sitt eventyrlege liv!
Kafeen har ope for servering mellom kl. 15:00 og 17:00.
Meny: urtemarinert svinesteik (svin frå Bjåland gard), hasselbakte jordeple og norske grønsaker til. Dessert vert tilslørte bondepiker med eple og pærer frå Kviteseid. Pris kr 395,- inkl kaffi. Ingen førehandstinging.
Det vert sal av relansert bok: Olav Bjåland - idrottsmann og polfarar. Boka er frå 1945 og har vore utseld i mange år.
Pris kr 198,-
Inngang: Kr. 150,- (Billettar i døra)
Om du ynskjer både inngang til foredraget og bok har me samlepris på kr 300,-
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…