For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark
Urbane Telemark
Telemarkskysten

English

Norsk

Rui-jentene som teater!

TypeSkuespill

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Rui-jentene som teater!

Om

Førpremiere på Vest-Telemark Museum Eidsborg
Teater Fabel viser historia om systrene Ingerine og Gurine Schevenius frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark.
Inngang kr 200,-
Bindande førehandspåmelding grunna begrensa tal billettar til:
post@vtm.no eller på tlf. 35 06 90 90

Frist for avbestilling er 1.mai. Billettar som ikkje vert løyst ut på teaterdagen vert fakturert i ettertid.

Ingerine og Gurine levde eit svært enkelt liv. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei i nøysemd, akkurat som faren. 
Kva er det vi moderne menneske ikkje klarer å sjå, men som dei såg klårt og tydeleg, der dei streva og arbeidde heile dagen? Og korleis vert to sysken forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad? 
I førestillinga får ein møta Ingerine og Gurine, og ta del i liva deira. Vi møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får vere med på den store reisa frå Dalen til Oslo, for å vitje kongen. 
Manus etter ein idé av Inger Merethe Johnsen 
Regi: Sylvia Salvesen
Ingerine Schevenius - Hæge Manheim
Gurine Schevenius - Inger Merethe Johnsen

TripAdvisor

Pris fra

Inngang kr 200,-
Bindande førehandspåmelding grunna begrensa tal billettar til:
post@vtm.no eller på tlf. 35 06 90 90

Kart

Kontakt

35069090

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av