Knut Flatin er årets utstillar i Utsondhalli på Kviteseid bygdetun. Målaren og grafikaren frå Seljord kan sjå tilbake på eit langt og aktivt kunstnarliv. Han debuterte som 19-årig kunststudent med teikning på Statens høstutstilling i 1967.
I dag er han representert med arbeid i fleire faste galleri og samlingar, m.a. Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Norsk kulturråd.
Vegen frå ung, talentfull bygdekunstnar med røter i folkekunst og folkemusikk, til kunstnar med eit lyrisk abstrakt formspråk har tildels vore utfordrande. I ein periode arbeidde Knut Flatin figurativt, men inspirasjon frå studier, reiser og tendensar i tida prega han etterkvart meir og meir.
Naturoppleving, musikk og inntrykk frå reiser har vore, og er framleis viktige inspirasjonskjelder for bileta hans. Flatin meiner sjølv at det er nærliggande å samanlikna arbeidsmåten og tilnærminga med musikalske komposisjonar og uttrykk:
«Med komposisjon meiner eg fordeling av farge og valørar, slik at det oppstår spenning og liv. Stikkord her er ei blanding av kontroll, spontanitet og eksperiment, samt harmoni og disharmoni. Fargen er ei berande kraft. med farge kan det meste seiast - og er dette intererssant for andre så oppstår dialog».
77-åringen hadde separatutstilling sist på Galleri Heer i Oslo hausten 2021, og i Låvegalleriet på Nutheim i 2019. Ein kan og nemne at det er omtrent 50 år sidan han hadde separatutstiling i Seljord kunstforening for fyrste gong.
Utstillinga i Kviteseid er tilgjengeleg i bygdetunets opningstider; tirsdag til sundag kl. 11-17 i perioden 25. juni til 15. august 2022.
Merk at opningsarrangementet for sommarutstillinga blir sundag 19. juni kl. 13.00!
Velkomen!
Sommarutstilling med Knut Flatin (19 Jun 2022 - 14 Aug 2022) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | Stengt | |
Tirsdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Fjoneferja i Nissedal, MF Nissen, frakter passasjerer og biler over det vel 500 meter…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…