Minneutstilling på Dyre Vaa-samlingane 2022
Utstillinga i år er ei minneutstilling om raulandsvenen Gun Mads (Gun Marith Madsen) frå Kongsberg.
Utstillingsopning: 25. juni 2022 kl. 14:00
Gun Mads stiller ut på Dyre Vaa-samlingane i Rauland frå 25. juni til 14. august 2022. Dette er ei salsutstilling.
Gun Mads (1943-2021) blei fødd i Skien og vaks opp i eit kristenfundamentalistisk miljø. Ei gong fortalde ho dette til venen og fotografen Morten Krogvold:
«Jeg har aldri hatt det så godt som da jeg fant ut at jeg kunne leve uten å tenke på at jeg kunne bli sendt til helvete. Det eneste jeg er redd for å gå glipp av, er stor kunst. Ellers har jeg opplevd alt. Jeg tror ikke på noe liv etter døden. At vi fortsetter å snakke om hverandre, det er evig liv for meg».
Gun busette seg på Kongsberg og fekk ein sein start på kunstnarvirket. Ho var faktisk i 40-åra før ho forstod at ho måtte måle! Krogvold har kalla henne for eit renessansemenneskje. Ho brydde seg ikkje mykje om kva folk meinte om henne og kunsten hennar. Berre synet av noko vakkert kunne få Gun til å gråte. Ho var så glad i Rauland. I hytta på Nesland måla ho, fyra på peisen og mata «faulane».
Gun har hatt utstillingar i m.a. kunstforeiningane i Drammen, Kongsberg, Skien og Rauland (2009), Vestre Aker kyrkje og som jazzfestivalutstillar i Kongsberg kyrkje.
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…
Raulandsakademiet er eit kurssenter, eit vandrarheim og og eit levande bygdetun.
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Vinjesenteret er et nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
Hardangervidda Nasjonalparksenter har en prisbelønnet interaktiv utstilling om natur og…
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…