For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

Soria Moria dropin laurdag

TypeAndre arrangement

Markensvegen 20, 3880, Dalen
Soria Moria dropin laurdag

Om

Soria Moria dropin kvar laurdag kl. 10.30-15.30 i perioden 30.11 2019 til 25. april 2020. Dette er i tillegg til onsdagsdropin. 

Du treng ikkje booke til drop-in, då møter du berre opp ved badstoga. Badstoga har plass til maks 15 personar. Pris kr. 50,- pr. pers til Vippsnummer 550539. Om du ikkje har Vipps kan du legge kontakter i postkassa i skifterommet ved badstoga. 

For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkalenderen vår

Parkering på p-plass til venstre ved friområde i Markensvegen, og så går du ned til badstoga (200 m)  Sjå kartet her 

Nyt varmen og utsikten, skriv deg gjerne inn i gjesteboka og del gjerne bileta med oss på sosiale media med #soriamoria #visitdalen

Nokre reglar for bruk:

Ha på badetøy og bruk handkle på benken.

Ha med godt med drikkevatn, vatnet i krana i badstoga er ikkje drikkevatn. 

Badesandalar kan vere lurt å ha med, i tillegg til ei badekåpe. 

Omkledningsrom finn du til høgre for badstoga, det er ikkje låsbart så oppbevaring av verdisaker er på eige ansvar.

Det er ikkje toalett eller dusj i bygget. Bruk sanitæranlegget på Tangane ved p-plass der du går ned til badstoga, ca 200 meter unna. 

Born under 16 år må ha med seg ein vaksen på drop-in onsdagar.

Alkohol er ikkje tillate.

All bruk av saunen er på eige ansvar

All bading i Bandak er på eige ansvar.

Bruk stigen til å komme deg ned og opp av vatnet, gå eller hopp uti, ikkje stup! OBS! Grunt vatn rett framfor badstoga, ikkje hopp uti her!

Ver obs på at tregolvet ute er glatt nå det er vått. 

Ikkje bruk glass i badstoga, pappkrus eller anna er fint.

Rydd opp etter deg og ta med søppelet.  

Kos deg! 

For spørsmål, kontakt oss på tlf. 35 07 56 56 eller info@visitdalen.com. For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkaldenderen vår

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

+47 35 07 56 56

Åpningstider

Soria Moria Sauna (30 Nov 2019 - 25 Apr 2020)
DagTider
Lørdag10:30 - 15:30
Ingen drop-in/No drop-in (28 Des 2019)
DagTider
LørdagStengt

Ikke gå glipp av