Eit blendande møte mellom norsk og latin-amerikansk folkemusikk!
Ingrid Jasmin vakte oppsikt med debutsingelen «Pilgrim» i 2021. Dette var noko utanom det vanlege på den norske musikkscena: Ei elektro-akustisk blanding av norsk folkemusikk og flamenco, med nydeleg, eigenarta stemme og ein dose pop-sensibilitet!
Hausten 2022 slapp ho debutalbumet «Luna» til strålande omtalar og femmar i Aftenposten, under overskrifta «Nydeleg stemmeprakt». Med seg på plata har ho eit stjernelag av musikarar og produsentar: Mathias Eick, Eyolf Dale og Tuva Færden med fleire. Plata vart nominert til Spellemann-pris i open klasse.
Den unge, talentfulle songaren vaks opp omgjeven av folkemusikk i Telemark, men har samstundes dyrka røtene sine i den spansktalande verda. Ho har budd fleire år i Cuba og Spania, der ho har gått djupt inn i den tradisjonelle musikken. Den uvanlege blandinga av norsk og spansk tradisjonsmusikk høyrest merkeleg ut på papiret, men Ingrid Jasmin har stemma, kunnskapen og musikaliteten som får det til å fungera heilt fantastisk! Releasekonserten for «Luna» vart spelt på ei utseld Nasjonal Jazzscene under Oslo World, og hausta glitrande omtale. Til Telemarkfestivalen kjem Ingrid Jasmin med eit heilt fantastisk ensemble – med mellom andre Mattis Kleppen og Sunniva Langås-Røiland frå Bø!
Medverkande:
Ingrid Jasmin – vokal
Mathias Eick – trompet, synth
Andreas Ulvo – piano, laptop, synth
Almir Meskovic – akkordeon, laptop, synth
Yannick Corre – flamencogitar, palmas
Fernando Maya - cajón, palmas
Mattis Kleppen – bass
Sunniva Langås-Røiland – hardingfele
Sidiki Camara – ngoni, perkusjon *
Jonas Kroon - lyddesign
Resjemheia +++
Fredag 11. august 2023
Kroa i Bø ca kl. 22:30
365,- (Ein billett for heile kvelden på Kroa i Bø)
Superband vert om mogler enda meir supert!
Resjemheia og Telemarkfestivalen har tette band. Bandet vart etablert med dagens besetning på Telemarkfestivalen i 2015 då dei framførte det fantastiske tingingsverket, «El Bokko». I åra etter har bandet malt dette spennande musikalske landskapet vidare med fleire utgjevingar og mange konsertar. Denne musikalske gumboen læt både vart og utagerande, heftig og inkluderande – og gir eit unikt musikalsk utgangspunkt. Namnet Reshemheia kjem frå heia ein må køyre over frå Bø til Notodden – frå folkemusikken til bluesen – frå Telemark og ut i verda og heim att.
No er tida inne for neste kapittel i soga: Resjemheia +++! Som namnet kanskje peikar på, er det eit kraftverk av ein konsert med Resjemheia i utvida besetning. Mattis Kleppen, Ottar Kåsa og Kenneth Kapstad får følgje av gitarist Per Borten frå Spidergawd, saksofonist Kjetil Møster og gitarist Viktor Wilhelmsen på scenen. Det vert både ny musikk og gamle hits. Oppskrifta er framleis den same – eit kraftfullt møte mellom blues-musikk frå Vest-Afrika og Mississippi og hardingfeleslåtter frå Telemark – berre med enda meir bensinlukt og trykk på pedalen enn tidlegare!
Medverkande:
Mattis Kleppen – elektrisk og akustisk bass
Ottar Kåsa – hardingfele
Kenneth Kapstad – trommer
Kjetil Møster – saksofon
Per Borten – elektrisk gitar
Viktor Wilhelmsen – elektrisk gitar
MÍO
Fredag 11. august 2023
Kroa i Bø, ca kl. 00:00
365,- (Ein billett for heile kvelden på Kroa i Bø)
Ditt nye favorittband?
MÍO har markert seg i undergrunnen med å levere energiske og forlokkande konsertar. MÍO er eit friskt pust i folk-rockens univers som med vokalist Dionisia Fjelldalen i front grip tak i lyttaren og nektar å gi slepp. Musikken fengar og treff hardt utan å miste balansen med sine dynamiske og meir sårbare sidar. Ei rik inspirasjon frå norsk folkemusikk, 70-tallsprog, norsk rock og punk gir MÍO eit stort rom for leik og eksperimentering. Fuzza felespill og krulling møter eit stort arsenal av folkeinstrumenter, jazzinspirert rytmeseksjon, suggererande bass og vrengt gitar. MÍO har base i Oslo og består av seks musikarar frå hele landet. Bandet vart starta av vokalist Dionisia Fjelldalen og bassist Marianne Friisberg Larssen i 2019, og i 2020 kom EP'en "MÍO" til strålande kritikkar. Debutalbumet "Ingen tid å miste" kom våren 2023. No er dei klare til å folkrocke Kroa i Bø på Telemarkfestivalen!
Medverkande:
Dionisia Fjelldalen – vokal
Marianne Friisberg Larssen – bass
Maja Hveding Styffe – fele, hardingfele
Jakob Nome – gitar
Henrik Hagen Johnsen – piano, synth, trekkspill, nøkkelharpe, sitar, tverrfløyte med meir!
Eilif Hallingstad Finnseth – trommer og perkusjon
Velkomen til ein heilt fantastisk konsertkveld på Kroa i Bø!
Kroa i Bø (11 Aug 2023 - 12 Aug 2023) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Fredag | 21:00 | - 00:00 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…
Kunstnerhjem med operahage. Her kan du være med på konserter og utstillinger på høyt nivå…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…