Vel møtt til poesikonsert der ordet og tonen står i sentrum. Konserten vekslar mellom solo hardingfelespel og diktlesing, krydra med kortfatta refleksjonar om livet og poesien, der både alvoret og det mindre alvorlege får rom. Ordet tun har med det heimlege å gjere. Tunet er staden der husa rammar inn og skaper rom, og midt på tunet står treet. Ord og spel vil krinse rundt dette biletet, i vid forstand.
Per Anders Buen Garnås er spelemann, utdanna ved Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, og vart under Folkelarm i 2022 kåra til "Årets folkemusiker"! Han har vunne Landskappleiken på hardingfele fire gongar, han har vunne FolkeLarm-prisen to gongar, og han har vore nominert til Spellemann-prisen tre gongar.
Stein Versto frå Vinje i Telemark er forfattar og lyrikar, omsetjar og spelemann. Han debuterte som forfattar med novellesamlinga "Ho blei borte i trappene" i 1990, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Seinare har han gjeve ut tre diktsamlingar, roman og ei prosabok om folkemusikk og utvandring, skrive essay og ei rekkje songtekstar tonesette av norske artistar, blant dei særleg Odd Nordstoga.
Medverkande:
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Stein Versto – stemme
Per Anders Buen Garnås og Stein Versto: «Tuntreet»
Fredag 11. august 2023
Nye Sjodar – Evju bygdetun, kl. 16:00
285,-
Nye Sjodar, Evju Byg (11 Aug 2023) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Fredag | 16:00 | - 17:30 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…
Kunstnerhjem med operahage. Her kan du være med på konserter og utstillinger på høyt nivå…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…