Elias Akselsen og Stian Carstensen har vore musikalske følgjesvener i ei årrekke, men dette samarbeidet er ferskvare. I lag med felespelaren Ola Kvernberg presenterte dei plata «Horta» hausten 2022. «Horta» er romani og tyder «ekte».
Plata består av ni personlege tolkingar av tatermusikk som rommar både skillingsviser og balkanrytmar. Med Akselsens unike stemme og nærvær får publikum servert eit tverrsnitt av den taterske musikkarva frå eit av dei siste tidsvitna til taterane si tragiske – men òg rike– historie; ein ekte romani. Publikum får også høyre spor av korleis dei samtidige musikktradisjonane har hatt innverknad på kvarandre. Ein veit til dømes at kjende norske folkemusikarar som Myllarguten og Fante-Karl spelte tater-musikk, som har overlevd i form av slåttar og såleis blitt norske.
Måten folkemusikarar og taterar har gjort inntrykk på kvarandre opp gjennom historia, speglar jazzfilosofiske ideal og haldningar til livet: ein møter ei verd i stadig endring med eit opent sinn og tar med seg det som gjer inntrykk – det som gir fot – og så går ein vidare. Kanskje sit ein igjen med eit meir nyansert inntrykk av kulturell identitetsskaping enn den polariserte varianten vi er vant til å halde oss til, etter å ha høyrt «Horta»? Tida vil vise.
I lag med våre venner i Villa Lunde er me stolt vertskap for desse musikalske meistrane!
Medverkande:
Stian Carstensen – trekkspel
Elias Akselsen – vokal
Ola Kvernberg – fele
Stian Carstensen, Elias Akselsen og Ola Kvernberg
Sundag 13. august 2023
Villa Lunde, kl. 17:30
365,-
Villa Lunde (13 Aug 2023) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 17:30 | - 19:30 |
Kunstnerhjem med operahage. Her kan du være med på konserter og utstillinger på høyt nivå…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Nord for Løveid sluser langs Telemarkskanalen, ligger Mikaelshulen - en fjellhule ca. 30…
Mikaelshulen, eller St. Mikaelskyrkje, er en fjellhule i den bratte fjellveggen på…
Drangedal bygdetun ligger idyllisk til ved vannet Motjenn. Bygdetunet viser 19 historiske…
Glasergruva i Skien er den første jerngruva som kan tidfestes i Norge og var ferdigbygget…
Gamle Union Brug Antikk har hele 1700 kvm med gamle skatter, antikviteter og…