Utforsk Telemark

EN

NO

Telemarkfestivalen 2023 | Yagody + Steve'n'Seagulls

TypeFestival

Gullbring Kulturanlegg, Gullbringvegen 34, 3800, Bø i Telemark

Legg Telemarkfestivalen 2023 | Yagody + Steve'n'Seagulls til i reiseruten din.

elemarkfestivalen plakat med 4 ukrainske jenter i folklore drakter
  • elemarkfestivalen plakat med 4 ukrainske jenter i folklore drakter
  • Telemarkskanalen plakat med 5 menn som står ute i gress

Om

– Kvar augneblink i ein person sitt liv har sin eigen song, seier Zoryana Dybovska som grunnla Yagody i 2016 i den vestukrainske byen Lviv saman med tre andre kvinner. Dei fire kvinnene reiste så på kryss og tvers av Ukraina for å utforske dei mange musikalske tradisjonane landet har.

I kjølvatnet av denne reisa har Yagody tilegna seg eit enormt repertoar av rytmar, poesi og melodiar om kjærleik og store og små ting i livet. Gruppa har henta òg eit mangfaldig utval av folkemusikk frå andre land, til dømes Serbia, Makedonia og Bulgaria, og slik har gruppa skapt sitt heilt unike uttrykk.

Med Yagody kan ein forvente ei gruppe unge kvinner med  fortryllande nærvær, nydelege stemmer og stor stemning. Telemarkfestivalen er glade for å kunne presentere det som garantert vert ei fantastisk konsertoppleving for både Midt-Telemarkingar og det store talet flyktningar som har kome til Midt-Telemark som følgje av krigen i Ukraina.

Medverkande:
Zoryana Dybovska – vokal
Sofia Leshishak – vokal, djembe
Valeria Mocharska-Lyulchyk – vokal, perkusjon
Tatiana Voitov – vokal, bayan
Timur Gogitidze – perkusjon
Vadym Voitovych – bass

Klassiske rockelåtar i blågras-drakt
Steve'n'Seagulls frå Finland er kjend for spinnville konsertar der dei kler klassiske rockelåtar i ei fantastisk fengande blågras-drakt. Bandet starta med å spele inn låtar som dei publiserte på YouTube. Dei fekk stor merksemd og derifrå gjekk vegen fort til platekontrakt og konsertar over heile verda, og dei har ein enorm mengde fans! Om ein skal leggje talet på følgjarar på Facebook til grunn, så er Steven'n'Seagulls det klart største bandet som har vore på Telemarkfestivalen nokon gong. Her vil du mellom anna få høyre Iron Maiden sin «The Trooper», AC/DC sin «Thunderstruck» og Led Zeppelin sin «Black Dog» slik du aldri har høyrt dei før!
Med Steve'n'Seagulls vandrar tankane fort over til den hardbarka actionskodespelaren Steven Seagal som redda verda mange gonger på 90-talet. Steven Seagal kjem ikkje til Telemarkfestivalen, men det gjer Steven'n'Seagulls – og dei er minst like tøffe!

Medverkande:
Remmel – vokal, akustisk gitar, balalaika, mandolin
Skubu – Trommer, perkusjon, vokal
Jamppa – kontrabass, vokal
Hiltunen – trekkspel, kantele, mandolin, tangentar, fløyte
Herman – banjo, akustisk gitar, vokal

Obs! Få med deg heile konsertkvelden i amfiet - kjøp Heilaften-billett! 

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forTelemarkfestivalen 2023 | Yagody + Steve'n'Seagulls (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

Åpningstider

Gullbring Amfi (12 Aug 2023 - 13 Aug 2023)
DagTider
Lørdag21:30 - 00:30

Også i nærheten

  1. Bø Sommarland - Skandinavias største badeland!

    Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…

    4.20 km Unna
  2. Evju Bygdetun

    Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…

    5.71 km Unna
  3. Fruktbygda

    Velkommen til Fruktbygda. Området i Telemark og landet hvor frukten smaker mest. Her…

    6.76 km Unna
  1. Villa Lunde

    Kunstnerhjem med operahage. Her kan du være med på konserter og utstillinger på høyt nivå…

    11.98 km Unna
  2. Kjeldal sluse

    I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…

    13.08 km Unna
  3. Ulefos Hovedgaard

    Ulefos Hovedgaard - et hvitt smykke midt i Telemark

    17.27 km Unna
  4. Romnes middelalderkirke

    Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…

    17.41 km Unna
  5. Øvre Verket

    Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…

    18.20 km Unna
  6. Ulefoss Kulturarv

    Historien lever i hjertet av Telemarkskanalen.  

    18.53 km Unna
  7. Notodden Blues Festival

    Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…

    19.53 km Unna
  8. Heddal Stavkirke

    Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…

    19.90 km Unna
  9. Heddal Bygdetun

    På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…

    20.07 km Unna
  10. Gea Norvegica

    Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.

    20.39 km Unna
  11. Verdensarvsenteret

    Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…

    20.82 km Unna
  12. Telemark Kunstmuseum

    Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…

    20.82 km Unna
  13. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    24.76 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av