Utforsk Telemark

EN

NO

Vandringsmannen av Olaf Willums

TypeUtstilling

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Vandringsmannen av Olaf Willums til i reiseruten din.

Vandringsmannen, Draumkvedet tolka av kunstnaren Olaf Willums.

Om

Olaf Willums (1886-1967) var ein kjent norsk grafikar, fødd i Porsgrunn, med stor produksjon innan radering, litografi (steintrykk) og tresnitt. Han utmerka seg m.a. som bokillustratør og blei prisløna for «årets vakraste bok» både i 1936 (Norske folkevisor) og 1937 (Valentin og vargridderen).

Willums var utdanna ingeniør og hadde studert og arbeidd i Tyskland i fleire år då han i 1912 bestemte seg for å bli kunstnar. Han tok kunstutdanning i Oslo gjekk i 1919 rett inn i stillinga som overlærar i raderklassa ved Statens Handverks- og Kunstindustriskule, ei stilling han hadde i 26 år. I 1927 og 1931 hadde han studieopphald i Paris, og han gjorde mange studiereiser i Europa. Som ekspert på grafiske teknikkar var han med på å starte foreininga Norske Grafikere.

Trass i mange opphald i utlandet var ikkje Willums tilhengar av mellomkrigstidas franskinspirerte kunststil. Han var meir påverka av dei gamle meistrane i tysk og flamsk tradisjon samt av Jugendstil og ornamentikk, i tillegg til sin store interesse for norrøn mytologi, sagatid og folkedikting.

Det kan tenkast at det var denne interessa, saman med påverknaden frå tysk kulturliv, som førte til at Willums under krigen valde å ikkje ta avstand frå den NS-styrte kulturpolitikken. Han blei i stillinga som overlærar heilt til 1945. Etter krigen blei han stengd ute av delar av kunstmiljøet og trakk seg attende til Porsgrunn, der han stort sett heldt på med å måle.

Draumkvedet-syklusen er sett saman av 7 måleri laga over ein lang tidsperiode, frå 1926 til 1958. Måleria har stilmessige slektskap med dei grafiske trykka til Willums, med klare teikningar, tydeleg symbolikk, hovudpersonen i sentrum og element av ornamentikk, i tradisjonen etter Gerhard Munthe. I skildringa av helvetesvisjonane kan ein òg finne spor etter europeisk måleri frå tidleg renessanse (t.d. Hieronymus Bosch).

Måleria i Draumkvedet-syklusen er eigde av Porsgrunn kommune. Det er ikkje ofte desse måleria synast fram. Dei blei innkjøpt av kommunen i 1968 og utgjer i dag en av pilarane i kommunens kunstsamling. 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Måleriutstilling om Draumkvedet i Eidsborg (30 Apr 2023 - 15 Sept 2023)
DagTider
Mandag - Søndag10:00 - 17:00
Offentlig Høytidsdag10:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    119 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    909 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.53 km Unna
  5. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  6. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  7. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  9. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    20.23 km Unna
  10. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  11. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.93 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  13. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av