Utforsk Telemark

EN

NO

Olav sin draum – ei akustisk utstilling om Draumkvedet

TypeTekstside

Museumsvegen 9, Høydalsmo, 3891, Høydalsmo

Legg Olav sin draum – ei akustisk utstilling om Draumkvedet til i reiseruten din.

Draumkvedet

Om

Mellomalder-balladen Draumkvedet blei oppdaga og skrive opp i Vest-Telemark midt på 1800-talet. Songarane var for det meste eldre kvinner, busett i det som i dag er Vinje, Tokke, Kviteseid og Seljord kommunar. Det er difor naturleg at Vest-Telemark Museum syner ei permanent utstilling om kvadet, som del av folkekunstutstillinga ved museet i Eidsborg.

Ingen veit kor gamalt Draumkvedet eigentleg er, men dei fleste forskarar trur at den har oppstade i tida etter Svartedauden, sannsynleg i andre halvdel av 1300-talet eller på 1400-talet. Det finst ingen kjelder før oppdaginga på 1800-talet, og då hugsa songarane berre delar av det opphavlege kvadet. Difor er hovuddelen av vår utstilling akustisk – ei oppleving i lyd, akkurat slik Draumkvedet var gjennom mange hundre år.

I utstillinga kan ein høyre heile Draumkvedet (i versjon etter Maren Ramskeid frå Brunkeberg) sunge av Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, i nye opptak gjort i Eidsborg stavkyrkje. Inne i eit eige lytterom kan ein oppleve eit heilt nytt verk i fleirkanal 16.1 (surround) lyd, laga av den norsk-britiske komponisten Natasha Barrett.

Inne i lytterommet kan du sjå fotografi av 11 broderi laga av biletkunstnar Borgny Svalastog.

Og vil du sjå fleire bilete frå den dramatiske forteljinga om draumen til Olav Åsteson, kan du reise til Grimdalstunet  i Skafså, der målaren Karl Erik Harr sin Draumkvede-serie frå 1990-talet er stilt ut.

Her kan du lese meir om utstillinga i Eidsborg og historia til Draumkvedet, samt teksten slik den blei skrive opp etter Maren Ramskeid – som er den mest fullstendige versjonen me kjenner til.

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    244 m Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  5. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  7. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  8. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  9. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.56 km Unna
  10. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    27.50 km Unna
  11. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.94 km Unna
  12. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.66 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    31.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av