Den velkjende mellomalder-balladen Draumkvedet blei oppdaga og skrive opp i Vest-Telemark midt på 1800-talet. Songarane var for det meste eldre kvinner, busett i det som i dag er Vinje, Tokke, Kviteseid og Seljord kommunar. Det er difor naturleg at Vest-Telemark Museum syner ei permanent utstilling om kvadet, som del av folkekunstutstillinga ved museet i Eidsborg.
Ingen veit kor gamalt Draumkvedet eigentleg er, men dei fleste forskarar trur at den har oppstade i tida etter Svartedauden, sannsynleg i andre halvdel av 1300-talet. Det finst ingen kjelder før oppdaginga på 1800-talet, og då hugsa songarane berre delar av det opphavlege kvadet. Difor er hovuddelen av vår utstilling akustisk – ei oppleving i lyd, akkurat slik Draumkvedet var gjennom mange hundre år.
I utstillinga kan ein høyre heile Draumkvedet (i versjon etter Maren Ramskeid frå Brunkeberg) sunge av Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes, i nye opptak gjort i Eidsborg stavkyrkje. Inne i eit eige lytterom kan ein oppleve eit heilt nytt verk i fleirkanal (surround) lyd, laga av den norsk-britiske komponisten Natasha Barrett. Nokre tekstar fortel om korleis songen vart oppdaga, og korleis den blei oppfatta av folkeminnegranskarane.
Inne i lytterommet kan du sjå små utsnitt frå Torvald Moseid sitt vidgjetne 50 meter lange Draumkvedet-teppe.
35069090
Sesong (1 Mai 2021 - 1 Jan 2022) |
---|
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av "Fotobonden" Jostein Hellevik, og ei…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…