Utforsk Telemark

EN

NO

Soria Moria drop-in sauna

TypeAndre arrangement

Markensvegen 20, 3880, Dalen

Legg Soria Moria drop-in sauna til i reiseruten din.

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Soria Moria sauna
  • Soria Moria sauna
  • Soria Moria badstue på Dalen med snø
  • Product Image

Om

Soria Moria drop-in sauna kvar onsdag kl. 16.00-20.00. Du treng ikkje booke til drop-in, då møter du berre opp. Badstoga har plass til maks 15 personar. Pris kr. 50,- pr. pers til Vippsnummer 550539. Om du ikkje har Vipps kan du betale med kort i resepsjonen på kommunehuset før stengetid (kl. 15.30), eller legge kontanter i kontantkassa på veggen i skifterommet nede ved badstoga. 

Parkering på p-plass til venstre ved friområde i Markensvegen, og så går du ned til badstoga (200 m)  Sjå kartet her 

Presisering av hygienereglar:
- Alle må dusje før ein går inn i badstoga! 
Dusj og toalett i sanitærbygget ved p-plass står ope i drop-in tida. 
- Personar med symptom på luftvegsinfeksjon (hostar eller nys) har ikkje adgang.
- Ha på badetøy og sitt på handkle på benken!

Nyt varmen og utsikten, skriv deg gjerne inn i gjesteboka og del gjerne bileta med oss på sosiale media med #soriamoriasauna #visitdalen

For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkalenderen vår

Nokre reglar for bruk:

- Dusj før du går inn i badstoga! 

- Ha på badetøy og bruk handkle på benken. Ta med eit ekstra handkle så du har eit tørt eit til å tørke deg med. 

- Ha med godt med drikkevatn, vatnet i krana i badstoga er ikkje drikkevatn. 

- Badesandalar/sko kan vere lurt å ha med, i tillegg til ei badekåpe. 

- Omkledningsrom finn du til høgre for badstoga, det er ikkje låsbart så oppbevaring av verdisaker er på eige ansvar.

- Det er ikkje toalett eller dusj i saunabygget. Bruk sanitærbygget ved p-plass der du går ned til badstoga, ca 200 meter unna. Sanitærbygget står ope i drop-in tida.  

- Born under 16 år må ha med seg ein vaksen på drop-in onsdagar.

- Alkohol er ikkje tillate.

- All bruk av saunen er på eige ansvar. 

- All bading i Bandak er på eige ansvar.

- Bruk stigen til å komme deg ned og opp av vatnet. Ver obs på at golvet ute er glatt når det er vått! 

- Ikkje bruk glass i badstoga, pappkrus eller anna er fint.

- Rydd opp etter deg og ta med søppelet.  

Kos deg! 

For spørsmål, kontakt oss på tlf. 35 07 56 56 eller info@visitdalen.com. For øvrig booking av Soria Moria, sjå bookingkaldenderen vår

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

+47 35 07 56 56

Åpningstider

Soria Moria Sauna (23 Feb 2022 - 15 Jun 2022)
DagTider
Onsdag16:00 - 20:00

Også i nærheten

  1. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!

    434 m Unna
  2. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    2.35 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    2.40 km Unna
  1. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    2.58 km Unna
  2. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    2.61 km Unna
  3. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    5.45 km Unna
  4. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.03 km Unna
  5. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.74 km Unna
  6. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    22.43 km Unna
  7. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    23.01 km Unna
  8. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    25.82 km Unna
  9. Skinnarlandsamlinga i Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    28.06 km Unna
  10. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    28.12 km Unna
  11. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    29.18 km Unna
  12. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    29.49 km Unna
  13. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.15 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av