For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

Dyre Vaa-samlingane

TypeSkulpturer

Midtre Såtehov 3, 3864, Rauland

Legg Dyre Vaa-samlingane til i reiseruten din.

Fra NOK 40,00
Diverse skulpturar i utstillingsrommet

Om

Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Også Tor Vaa, son av Dyre, er representert med ei eiga avdeling i tillegg til biletkunstnaren Svallaug Svalastoga.


Dyre Vaa (1903-1980)
Ved sida av Gustav Vigeland er Dyre Vaa den bilethoggaren som i sterkast grad har prega norsk skulpturmiljø. Ingen annan bilethoggar har vunne så mange tevlingar som han.

Dyre Vaa vaks opp i Kviteseid, men flytte til Rauland tidleg i 1930-åra.
Det var mange kunstnarar i Vaa slekta, lyrikaren Aslaug Vaa var den eldste systera, og forfattaren Tarjei Vesaas og komponisten Eivind Groven var tremenningar.

Dyre Vaa gifte seg med Thora Bojer, dotter av forfattaren Johan Bojer. Thora hadde bl.a. bakgrunn som kunsthistorikar, og ho vart nytta som kritikar, rådgjevar og modell. Familien budde og i periodar i Asker.

Dyre Vaa debuterte på Haustutstillinga allereie som 20-åring, og vart då kjøpt inn til Nasjonalgalleriet.

"Mennesket møter naturen" er tittelen på fire store figurar på Ankerbrua i Oslo. Det var medan han arbeidde med desse på 1930-talet at han flytte til Rauland, og der vart han buande resten av livet.

Andre kjende arbeid er "Ulvane" på Alexander Kiellands plass i Oslo, "Sjømannsmonumentet" i Bergen, "Holberg-monumentet" ved Nationaltheatret og "Svanene" ved Oslo Rådhus.

Det er usikkert kor mange kunstverk Dyre Vaa har produsert. Noko er øydelagt og noko forkasta han sjølv. Truleg er det 250 skulpturar og byster, kanskje 1000 måleri og 31 litografiar.

Vinje kommune fekk dei fleste gipsfigurane av Dyre Vaa i 1970-åra. I museet kan du sjå mykje av hans arbeid, både skulpturar, måleri og teikningar.

Tor Vaa (1928-2008)
Tor Vaa vart fødd i Oslo i 1928 og vaks opp på Rauland i Vinje saman med foreldra Thora og Dyre Vaa og fem sysken.

Då Tor var 18 år gammal starta han som elev hjå far sin. Seinare studerte han ved Akademiet i Oslo og Akademiet i København. I tillegg hadde han mange studiereiser i Europa, også saman med faren Dyre Vaa.

Tor Vaa arbeidde mykje med tolking av naturen, gjennom skulptur, relieff, teikningar og maleri. I 1949 og 1961 fekk han Statens Kunstnarstipend og i 1951 stipend frå Fondet for dansk-norsk samarbeid. Frå 1979 hadde han Statens garantiinntekt og frå 1990 kunstnarløn frå Vinje kommune.

Tor Vaa var berre 19 år gamal då han debuterte på Haustutstillinga, med eit portrett i kleberstein av systra Anne Joronn, kalla "Gunga". Han nytta gjerne syskena sine som modellar.

Andre høgt akta verk av Tor Vaa er mellom anna skulpturen ”7 år”, omtalt som ein av dei finaste barneskulpturane i landet, og ein skulptur av Henrik Wergeland laga for Katedralskulen i Oslo i samband med skulen sitt 800-årsjubileum.

 

Svallaug Svalastoga (1920- 1978)

Svallaug Svalastoga er best kjend som grafiker, og fann tidleg fram til tresnittet. Bileta hennar tek utgangspunkt i naturen, og motiva er ofte blomar og dyr som er basert på grundige studiar.

I seinare år budde ho i Lofoten og motiva her skildrar fjellformasjonar, holmelandskap med fuglar og steinar. 

Utdanna ved Statens Håndverks og Kunstindustriskole, Oslo 1945–48, 1956–57; Statens Kunstakademi, Oslo under Aage Storstein 1948–51.

Ho har hatt separatutstillingar og deltatt i gruppeutstillingar i India, Sør-Amerika, USA, Italia og mange plassar her i landet. Innkjøpt av m.a. Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Lårdal bygdemuseum (VTM), Statens Museum for kunst, København og The Dittman Coll. og Oregon State University Coll., USA

I 1960 mottok ho Grafikerprisen.

Familien gav delar av samlinga etter henne til Vinje kommune.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sommarsesong.
E-post: booking@vtm.no

​​​​​​Tlf: 35069090

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning i åpningstiden

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Barn 6-15 årNOK 40,00 pr. person
Familiebillett (2+2)NOK 200,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 500,-NOK 60,00 pr. person
Honnør/studentNOK 60,00 pr. person
Voksne (fra 16 år)NOK 80,00 pr. person

NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.

Kart

Kontakt

+47 35 06 90 90

Åpningstider

Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2018 - 31 Des 2019)
DagTider
Sesong (25 Jun 2019 - 15 Aug 2019)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    123 m Unna
  2. I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    14.83 km Unna
  3. Midt i det telemarkske "målarlandskapet" finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    15.45 km Unna
  1. Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    15.70 km Unna
  2. Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.08 km Unna
  3. Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    18.01 km Unna
  4. Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…

    20.25 km Unna
  5. Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    25.51 km Unna
  6. Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    25.54 km Unna
  7. Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    25.72 km Unna
  8. Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    25.78 km Unna
  9. Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…

    27.89 km Unna
  10. Telespinn blei starta i 2008 og er eit småskala spinneri som held til på den gamle garden…

    30.42 km Unna
  11. I 1880-åra vart det funne gull ved garden Blika i Svartdal. Det vart muta for gruvedrift…

    30.58 km Unna
  12. Øverst i Hjartdalsheiane driv Olav S. Nordbø stulen Bjordal saman med kona Lorima og…

    30.70 km Unna
  13. Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    31.16 km Unna
Previous Next

Se også

The building of Skinnarland CollectionSkinnarlandsamlinga, VinjeSkinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.