Address
Museumsvegen 9
3891 Høydalsmo
Telephone
Tlf: +47 35 06 90 90
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Sign up - Contact
Nyhetsbrev - Kontakt
Other Websites
Sign up - Contact
Nyhetsbrev - Kontakt
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet for å lage din egen reise, eller velge fra et spennende utvalg med spesielt utvalgte turer.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge noe til i reiserutekurven din.
Tlf: +47 35 06 90 90
VTM-Eidsborg med sitt nye moderne museumsbygg, tun med over 30 hus og Noregs eldste ikkje kyrkjelege trebygning frå 1167, og ikkje minst Eidsborg stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1200-talet, er eit flott utgangspunkt for å oppleve Vest Telemark sin rike kulturarv og tradisjonar.
Museet ligg strategisk plassert langs fylkesveg 45 like ved Eidsborg Stavkyrkje og Vindlaus-gardane som har historie langt tilbake.
I det nye museet som opna i juni 2012, finn du kafé, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du oppleve ulike tilbod for born, arrangement og konsertar eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt frå tunet.
1. juli 2015 opna ein aktivitetspark med ein 105 m lang modell av Telemarkskanalen, ein ekte husmannsplass og mange handverksaktivitetar. Kanalen er open for slusing i sommarsesongen.
I museumsbygget finn du rike utstillingar frå Vest-Telemark si kulturhistorie og folkekunst. Rosemåling, kanskje Noregs finaste knivutstilling og bygdekultur vert formidla i varierande og godt tilrettelagte utstillingar. Me har og flotte og varierte temporære utstillingar.
Historia om Tokkeanlegget, som er ein viktig del av norsk krafthistorie, vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter som og fortel om moderen teknologi.
Vidare i museet blir historia om den unike brynesteinen fortalt; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa. Det var vassvegen ned til Skien som var ferdselsåra, og brynesteinen var med å bygde opp kystbyane og var dåtidas viktigaste eksportartikkel.
Me ynskjer og å formidle moderne kunst, kulturuttrykk og meir spesielle utstillingar. Det gjer me i vårt store temporære utstillingsrom på ca 150 m2, og fleire gonger i året blir nye utstillingar sett opp her med bl.a. samarbeid med Nasjonalgalleriet og utøvande kunstnarar.
Mat:
Vår kafé er open kvar dag i hovudsesongen, resten av året tar me i mot grupper på bestilling. Me serverar tradisjonelle rettar og meir moderne mat, alt laga på vårt kjøkken. Ynskjer du å ha selskap, konferansar, møter eller kurs har me gode lokale til fornuftige prisar. Me leverar sjølvsagt også mat for catering.
Les meir om kaféen her.
Turmogelegheiter:
Er du glad i å gå tur, og kanskje lære litt historie i tillegg? Frå tunet på VTM-Eidsborg er det fleire tilrettelagte turar som er tilpassa din form og kondisjon.
Les meir her om bl.a.
Brynesteinvandring
Rui-plassen
I tunet er det mange hus som har lafta tømmerveggar, ein byggeskikk som fortsatt er i bruk. Barn kan bygge sitt eiget «laftehus», med stokkar opp til 150 cm. kan det bli bygningar med både glas og dørar, og kanskje i fleire etasjar.
Velkomen til Eidsborg!
Billettype | Billettavgift |
---|---|
2017. Årskort enkeltperson. Gjeld inngang på alle våre anlegg og 50% på arr. | NOK 400,- per år |
2017. Årskort familie. Gjeld inngang på alle våre anlegg inkl. kanalparken | NOK 700,- per år |
2017. Barn 6-15 år | NOK 50,- pr. person |
2017. Familiebillett 4+ | NOK 250,- per dag |
2017. Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 500,- | NOK 80,- pr. person |
2017. Honnør/student | NOK 80,- pr. person |
2017. Voksne (fra 16 år) | NOK 100,- pr. person |
Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv45 og skilting til Vest- Telemark Museum, Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du Fv 45 mot Høydalsmo. Sjå etter skilt til Vest-Telemark Museum og Eidsborg stavkyrkje.
View Also Around
Open for gruppebestilling heile året (1 Jan 2018 - 31 Des 2018) | ||
---|---|---|
Dag | Tider |
Vårsesong (29 Apr 2018 - 14 Jun 2018) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Sommarsesong (15 Jun 2018 - 15 Aug 2018) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 18:00 |
Haustsesong (16 Aug 2018 - 31 Aug 2018) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
September (1 Sept 2018 - 30 Sept 2018) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Fredag | Stengt | |
Lørdag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Offentlig Høytidsdag | Stengt |
Kirke
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum...
Fortidsminne
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein...
Bygning/Kulturmiljø
Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.
Kunsthall
Dalen Bryggjeutstilling med kunst og brukskunst, og ei utstilling som syner livet på...
Arkitektur
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Arkitektur
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.
Severdighet
Kraftstasjon med omvising for grupper på førespurnad.
Museum
Her kan du få eit innblikk inn i heimen til kunstnaren Anne Grimdalen, ein fjellgard frå...
Museum
Spennande kopargruver i eit lite samfunn bygd opp kring gruvedrifta.
Arkitektur
Bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen.
Kulturminne
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Opplevelsessenter
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive...
Utstillinger
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan?
Sightseeing
Veteranbåten M/S Fram seiler sightseeingturer fra Straand Brygge i Vrådal. Båten går i...
Fornøyelsespark
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark med attraksjoner for store og små. Ta med...