Skimaking – Morgedal SKI
Sondre Norheim, fødd i Morgedal i 1825, var ein "frikar" på ski. I tillegg til å vera ein framifrå skiløypar, var han òg med på å utvikle skiutstyret.
Hælbinding og innsvinga ski var med på å legge grunnlaget til den moderne skisporten slik me kjenner han i dag.
I Morgedal kan du oppleve denne unike skimakartradisjonen slik han var for meir enn 150 år sidan. Terje og Tarjei i Morgedal SKI produserer den originale telemarkskia lik den Sondre laga og løypte på. Skia kan brukast eller hengje som eit lite kunstverk på veggen. Ynskjer du ski med eige særpreg gjer me det i samråd med deg.
Har du lyst til å lage dine eigne treski og sjølv skape det særpreget som dei ulike skimakerane hadde kan du kontakte oss for eit kurs.
Kontakt Tarjei Gjelstad for meir info.
tarjei@morgedal.com, tlf. 95241315
www.morgedal.com og www.vtm.no
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Kviteseidbyen fekk namnet sitt for hundre år sidan, då Telemarkskanalen var ferdselsåra…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet på…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…