For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

EN

NO

Telemarkskanalen

TypeArkitektur

3880, Dalen

TripAdvisor Vurderinger

TripAdvisor Vurderinger - 150 Anmeldelser150 Anmeldelser

Legg Telemarkskanalen til i reiseruten din.

Telemarkskanalen

Om

Telemarkskanalen vart hoggen inn i fjellet for godt over 100 år sidan. Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk». 500 mann hadde då arbeid i fem år med å sprenge seg veg gjennom fjellet. Mykje av den fyrste trafikken var knytt til brynesteintransporten frå brota i Eidsborg i vestre ende av kanalen. I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap.


Telemarkskanalen blei fullført i 1892 og har 18 sluser som lyfter dei sjøfarande frå 0 til 72 m.o.h. på den 105 km lange strekninga frå Skien til Dalen og fjordlandskapet. Nyt denne reisa frå dekk på ein av dei gamle rutebåtane MS Victoria eller den flotte, nyrestaurerte MS Henrik Ibsen!
I dag er Telemarkskanalen ein stor turistattraksjon og dei gamle rutebåtane tek deg attende i tid i eit variert landskap.

Telemarksvassdraget, som renn frå foten av Hardangervidda og ut til kysten ved Skien, har alltid vore ein av dei viktigaste ferdsels- og transportvegane for dei som har levd i området. Brynesteinen frå Eidsborg er eit særmerkt produkt som fann vegen ut i den store verda gjennom telemarksvassdraget. Frå minst tusen år tilbake gjekk det lass på lass med stein ned berget her til Lastein, der ein la steinen i la, for så å lesse over i pråmar, flåtar eller kjelkar og føre den nedover vassdraget. Men vassvegen hang lenge ikkje saman i ein spegel, og forbi stryk og fossar måtte varene bli lessa over på hesteryggen eller sledar. Etappene var mange før ein kom fram til handelsstaden ved havet.

På 1600-talet fekk tømmeret stadig større verdi, og ein måtte stadig lengre inn i landet for å finne virke til skipsbyggjing i England og pålar i Holland. Slik vart tømmerhogsten og fløtinga ein viktig del av næringsgrunnlaget, så langt inn vassdraga gav veg.
Landbruksprodukt som smør, kjøt, og skinn og huder fann same vegen, og motsett kom kjøpevarer frå byen, nyhende og impulsar.
Frå dei mange bondegruvene og større gruveverksemdene som på Åmdals Verk og Gulnes, var det òg malm og mineral som skulle førast ut, og den naturlege vegen var vassvegen.   

Bandak – Nordsjøkanalen blei tekje i bruk i 1892, og portar og luker blir framleis bruka på same måte som når den blei bygt. Dette gjorde at tømmerslusing krevde eit stor mannskap, noko som gjorde at slusinga etter kvart vart for kostbart. Det jobba til tider 21 mann med sjølve slusinga.

Det spesielle med fløtninga i Bandakvassdraget var at ein fløta buntar av tømmer og ikkje laustømmer slik som i ein del andre vassdrag. Dette var på den tid veldig rasjonelt. Eit slep etter slepebåten Axel var på 200-250 buntar og om lag borti 5.000 m³.

I 1980 vart fløtninga i Bandak- Nordsjøkanalen gjennom slusene slutt. Tømmeret vart fløta frå Dalen til strengen og køyrd vidare med bil til Skien og Kragerø. I desse tider var det tansportert om lag 60-70.000 m³ tømmer i vassdraget. Etter kvart gjekk dette kraftig ned.

Tømmertransporten har tidlegare vore kanalen sin viktigaste brukar og inntektskjelde i tillegg til båttrafikken. No er det slutt på fløtninga. Siste slepet gjekk ut Bandak sommaren 2004.

Rutetider og prisar

TripAdvisor

TripAdvisor

TripAdvisor Traveller Vurdering:

4.5 of 5 stjerner
  • Certificate of Excellence 2019
  • Ypperlig
    102
  • Svært bra
    40
  • Gjennomsnitt
    4
  • Dårlig
    1
  • Forferdelig
    3

Siste anmeldelser:

  • Ro-Aun
    Type reise:
    Familie
    Kanalferd
    5 of 5 stjerner
    Lørdag, 10. August 2019
    En flott tur på telemarkskanalen. Veldig fasinerende byggeteknikk og et imponerende arbeid som er gjort i gamle dager Anbefaler en tur. Les hele anmeldelsen
  • Roar B
    Type reise:
    Par
    Perfekt
    5 of 5 stjerner
    Onsdag, 14. August 2019
    Etter tur/retur Lunde-Dalen med skipet H.Ibsen anbefaler vi dette gjerne. Nydelig restaureringsarbeide, service fra betjeningen er fremragende og praktfulle omgivelser i kanalen. Relativ kostbart... Les hele anmeldelsen
  • BjR1956
    Ålesund, Norge
    Flott byggverk fra 1892
    4 of 5 stjerner
    Torsdag, 22. August 2019
    I Telemarkskanalen er Vrangfoss sluser den største og flotteste av de 8 slusene som utgjør kanalen som går fra Skien til Dalen. Vrangfoss består av 5 slusekammer med en samlet løftehøyde på 23... Les hele anmeldelsen

Kart

Kontakt

+47 409 20 000

Også i nærheten

  1. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…

    37 m Unna
  2. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    457 m Unna
  3. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.

    764 m Unna
  1. Rui-plassen

    Den kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

    786 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    2.20 km Unna
  3. Vindlausloftet - verdas eldste bygg?

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege (ikkje-kyrkjelege)…

    2.26 km Unna
  4. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    2.40 km Unna
  5. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    2.44 km Unna
  6. Brynesteinsbrot i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    3.04 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    5.88 km Unna
  8. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    6.19 km Unna
  9. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.18 km Unna
  10. Galleri Karen

    På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…

    11.51 km Unna
  11. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    16.35 km Unna
  12. Øverbø - Sondre's heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.11 km Unna
  13. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    22.46 km Unna
Previous Next

Se også

Fiske i Tokkeåi, TokkeFiske i elvedeltaet Tokkeåi der storauren rår.

Lårdal Gjestebrygge, TokkeDen vakre grenda Lårdal har eit triveleg bryggeområde ved Telemarkskanalen.

Dalen Gjestehavn, TokkeHyggeleg gjestebryggje med flotte fasilitetar for deg med fritidsbåt. Kran og utsettingsrampe.

Kano - og kajakkutleige på Dalen, TokkeDu kan leige kano og kajakk hjå Telemark Adventure på Dalen Bed & Breakfast. Dalen er eit mykje bruka utgangspunkt for padling på Telemarkskanalen.

Rui-plassen, TokkeDen kjende plassen Rui der Rui-jentene kom frå.

På to hjul, TokkeDu finn fleire flotte sykkelruter i Tokke. På turistkontoret får du sykkelkart og gode råd.

Brynesteinsbrot i Eidsborg, TokkeI 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein eit effektivt kastevåpen, slik sagaen fortel frå slaget ved Fimreite. Sjå innhaldsrik brynesteinsutstilling på Vest-Telemark Museum Eidsborg og vandre opp i brota.

Lårdalstigen, TokkeLårdalstigen er ein fantastisk turveg mellom Lårdal og Dalen i Telemark. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen.

Bufjordstigen på Dalen, TokkeSjarmerande tur langs Telemarkskanalen, forbi historiske Dalen Hotel og gjennom "jungel" i elvedeltaet på Dalen.

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg, TokkeFottur på vakker sherpatrapp, spekka med kultur og historie.

Aktivitetsparken i Eidsborg, TokkeAktivitetspark for heile familien - med ein vassførande modell av Telemarkskanalen i målestokk 1:1000. Her kan du sluse og vere med på andre aktivitetar.

Helveteshylen, TokkeRundtur ut frå Dalen der du kryssar Tokkeåi via hengebrua over Helveteshylen.

Ikke gå glipp av