For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Vest-Telemark har lange tradisjonar for kunst og handverk.
Me har handverkarar som tek i vare gamle tradisjonar og formidlar desse vidare til nye generasjonar. Ein kan nemne smiing, sveiping, karveskurd, veving i mange former, plantefarging, sylvarbeid og mykje mykje meir.
Kvart år i høgsesong kan du oppleve, og sjølv få prøve deg på ulike handverk hjå oss.
Me samarbeider med husflidslaga i Vest-Telemark og ulike ressurspersonar for å skape levande formidling av ulike handverkstradisjonar og matlaging. Mange av demonstrasjonane er lagt til rette for born, og gjev dei høve til å prøve seg!
Levande handverk kan du oppleve her (i sommarsesong):
15.juni - 15.august
Torsdagar 12.00-16.00
Vest-Telemark Museum i Eidsborg: i husmannstoga og i smia i aktivitetsparken.
25.juni - 15.august
Laurdagar 12.00-15.00
Øyfjell Bygdemuseum: i husa på tunet
15.juni - 15.august
Sundagar 12.00-16.00
Vest-Telemark Museum i Eidsborg: i husmannsstoga og smia i aktivitetsparken.