Eventyrjenta frå fjellgarden

Anne Grimdalen hadde bestemt seg for å satse på rosemåling og teikning. I staden blei ho ein stor bilethoggar, større enn dei fleste aner.

1. november 1899 kom Anne Grimdalen til verda på garden Grimdalen. Lite visste verken ho eller familien hennar om kva framtid den spedbygde jenta skulle få. Anne hadde ni sysken og ho voks opp saman med dei, foreldra og ei bestemor på fjellgarden Grimdalen i Skafså.

Anne Grimdalen
Anne Grimdalen

Sentralt

Foreldra Gunhild og Olav kjøpte garden i 1892. Fjellgarden hadde den gong store eigedomar og mange støylar. I dag passerar riksveg 45 rett ved sidan av garden, og det betyr stor trafikk på sumartid når vegen over Suleskar er open.

Lura seg unna

«– Eg var tidt med foreldra i fjoset. Det var kjærkome for meg å få lura meg unna lekselesinga på denne måten. Bokhugen min var ikkje særleg stor», står det å lese i boka som Kjell Åsen har skrive om Anne Grimdalen.
Anne Grimdalen lærde å rosemåle og teikne. Ho gjorde også litt trearbeid. Men Anne ynskte å lære meir. Derfor reiste ho til Oslo og i 1923 kom ho inn på Statens Handverks- og Kunstindustriskule. Ho var då 24 år gamal, og det var ei stor omvelting for henne å kome frå fjellgarden øvst i Vest-Telemark til hovudstaden.

Stoga Anne voks opp i
Stoga Anne voks opp i

Skralt med pengar

Det kosta pengar å gå på skule, og det var ikkje enkelt for Anne å tene pengar så lenge ho gjekk heime og hjelpte til med arbeidet på garden. Me veit at ho fekk låne 60 kroner av ei kone i nabolaget slik at ho kunne kome seg til Oslo. Tri år gjekk ho på Statens Handverks- og Kunstindustriskule. Etterpå gjekk ho på Kunstakademiet, og i 1927 fekk ho sitt fyrste arbeid med på Vårutstillinga. Det var «Gaupe» som Otto Valstad frå Asker kjøpte, etter å ha blitt gjort merksam på skulpturen av kunstnaren Henrik Sørensen.

Loftet med hestevandring framom
Loftet med hestevandring framom
«Jenta på hesten»
«Jenta på hesten»

Gjennombrot

Etter råd frå direktør Bull byrgja Anne med modellering. Ho fortalde at så fort ho fekk leira i hendene, visste ho at dette var materialet ho ville jobbe med. Og slik blei det og 1928 blei altså eit slags gjennombrot for kunstnaren Anne Grimdalen. Ho fekk vere med på Haustutsillinga dette året.

I 1931 fekk ho to skulpturar med på Haustutstillinga, «Jenta på hesten» og ei byste av Tore Hamsund og fyrstnemnde blei kjøpt inn av Nasjonalgalleriet. «Eg hadde aldri drøymt om å kome dit», uttalar Anne i boka av Kjell Åsen.

Ulv på Grimdalstunet

Vann konkurranse

I 1938 blei det lyst ut ein konkurranse om å dekorere vestveggen på rådhuset i Oslo. Anne melde seg på og ho vann! «Eg kvakk til - høyrde eg rett kva som blei sagt, men eg tykte namnet mitt blei nemnt og krympa meg saman til - ingenting, der eg sat ved kjøkkenbordet», kan ein lese i boka.

Utsmykkingskonkurransen gjorde til at Anne fekk mykje å gjera - ho laga «Harald Hårdråde», «Tømmerfløterne» og «Dyrefontenen» som framleis står som solide minner om den utflytte kunstnaren frå Skafså.

Anne ved foten av steinstatuen av Harald Hardråde som pryder veggen på sjøsida av Oslo Rådhus, ca. 1950. Foto: Ragnvald Væring
Anne ved foten av steinstatuen av Harald Hardråde som pryder veggen på sjøsida av Oslo Rådhus, ca. 1950. Foto: Ragnvald Væring

Det store gjennombrotet for Anne var i 1938. Premien var på 40.000 kroner. Svært mange av kollegaene og vennene hennar meinte premien var for liten. Truleg spela det ei rolle at ho var kvinne, ei ganske unnseleg kvinne var ho. Ho gav forresten vekk mykje av premiepengane.

Dårleg helse

Anne hadde ikkje spesielt god helse. Ho var fysisk lita og sped. Derfor er det kanskje litt rart at ho jobba med så store skulpturar.
Anne budde stort sett i Oslo, men under krigen reiste ho heim til Grimdalen. Ho tok med seg fleire skulpturar heim, og dei blei installert der oppe i bygget som etter kvart blei museum.

Grimdalstunet Foto:Luke Tennant
Grimdalstunet Foto:Luke Tennant

Internasjonal

Det var tydeleg ikkje rikdom og det å bli kjendis som var drivkrafta for Anne. Nei, ho vart aldri rik på kunsten sin. Ho var godhjarta og gav av seg sjølv. Kunstnarløn fekk ho fyrst i 1959. Den siste skulpturen ho laga var «Håkon den gode». Det var i 1961 og 3. oktober same året døydde Anne Grimdalen.

Ho var ein stor kunstnar, og me finn kunsten hennar i store delar av Noreg. I tillegg finn me skulpturar mange stader i verda – i Rotterdam, New York og Paris. Me må hugse på at ho var kvinne og ho konkurrerte på mange måtar mot sine mannlege kollegaer, ikkje minst var Gustav Vigeland eitt heitt namn på den tida.

Kultur og tradisjon