Velkomen til Arkivdagen 2023!
Samlingsansvarleg Lene Kleivi fortel om prosjektet «Innsamling, dokumentering og ordning av arkivmateriale frå pelsdyrnæringa i Vest-Telemark».
Prosjektet starta opp i 2022, med støtte frå Kulturrådet og Arkivverket, og skal gå ut året. Målet med prosjektet er å dokumentere ei næring som har vore viktig for Vest-Telemark, både som hovudnæring og attåtnæring.
Det er planlagt ei utstilling ved Vest-Telemark museum i 2025, det året Noreg avviklar all pelsdyrnæring.
Det blir vidare føredrag av Olav Arne Sønderland under tittelen «Pelsdyr, ei lønsam landbruksnæring gjennom 100 år». Sønderland har sjølv vore pelsdyrbonde i Treungen i ei årrekkje, i tillegg til å hatt sentrale verv i Nissedal-, Telemark- og Norges pelsdyralslag.
Me planlegg også ei pop up-utstilling knytt til dagens tema.
Programmet varer om lag ein times tid, så kan folk kjøp seg mat og ta seg ein runde i museet anten før eller etter.
Inngang til arrangementet er gratis, men besøk i museets utstillingar krev vanleg museumsbillett.
(Biletet syner møteklubba til Telemark pelsdyralslag)
Arkivdagen 2023 på Vest-Telemark museum i Eidsborg (11 Jun 2023) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 14:00 | - 15:00 |