Utforsk Telemark

English

Norsk

Draumkvedet i vår tid 2023

TypeMuseumsarrangement

Vest Telemark museum, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Draumkvedet i vår tid 2023 til i reiseruten din.

Utsnitt frå «Vandringsmannen, 1926-36» av Olaf Willums. Draumkvedet, seminar Vest-Telemark museum.

Om

Velkomen til nytt seminar om Draumkvedet! Oppmøtestad er Vest-Telemark museum Eidsborg.

Draumkvedet er ein mellomalderballade som blei skriven opp i Vest-Telemark på 1800-talet. Balladen er Noreg sitt «bidrag» til eit felleseuropeisk tilfang av visjonsdikt med både katolske og førkristne element. Det har vore mykje forsking kring alderen og opphavet, utan at svaret er gjeve. Draumkvedet har inspirert kunstnarar av alle slag gjennom 150 år.

Det årlege Draumkvedet-seminaret ved Vest-Telemark museum Eidsborg undersøkjer korleis Draumkvedet har noko å seie for oss i dag. Nye innfallsvinklar frå ulike fagfelt set den tradisjonelle Draumkvedet-forskinga i perspektiv. Seminaret set òg fokus på Draumkvedet som sanseleg oppleving i fleire kunstformer. Ei framføring av Draumkvedet i Eidsborg stavkyrkje kvelden før er fast del av seminaret.

Tema 2023: Kor moderne er Draumkvedet?

I samband med seminaret vil utstillinga Vandringsmannen opne i Eidsborg. Utstillinga omfattar m.a. sju store måleri av grafikaren og målaren Olaf Willums (1886-1967) med motiv frå Draumkvedet. Måleria er laga over eit langt tidsrom, frå 1926 til 1958, og kan – ved sida av tresnittserien Norske folkevisor (1936) – reknast som eit av Willums’ hovudverk. Willums var i 25 år hovudlærar i radering ved Statens kunstakademi og er ein av skiparane til foreininga Norske Grafikere. Utstillingstittelen visar til eit av dei sju måleria, Vandringsmannen (1926-36), som viser Olav Åsteson i kyrkjedøra saman med fleire personar som lyttar til forteljinga hans. Du kan sjå eit utsnitt frå måleriet i toppen av denne sida. Måleria er utlånt frå Porsgrunn kommune.


PROGRAM

Fredag 17. mars

Eidsborg stavkyrkje

Kl. 19:           Draumkvedet etter Garborg/Landstad/Ramskeid
                      v/ Martin Steinum Brun (kveding) og Vemund Olav Aukrust (trøorgel)

Medarrangør: Eidsborg, Mo og Skafså sokneråd

NB. Dei som berre skal vere med på konserten fredag kveld, kjøper billett 200,- på museet (150 m frå kyrkja) frå kl. 18. Seminardeltakarar kan betale saman med seminaravgifta dagen etter.


Laurdag 18. mars

Vest-Telemark Museum Eidsborg

Kl. 8.30         Registrering, kaffe og mingling

Kl. 9.00         Velkomen og innleiing v/VTM

Kl. 9.30         Draumkvede 2023. Om Georg Johannessen sitt essay Draumkvede 1993
                      v/ Amund Børdahl, universitetslektor UiB

Kl. 10.30       Kaffepause. Utstillingane er opne

Kl. 11.00       «Vegine falle so vide». Moderne variasjonar over Draumkvedet – frå Tarjei Vesaas til Jon Fosse     
                     v/ Inga Henriette Undheim, førsteamanuensis Høgskulen på Vestlandet

Kl. 12.00       Lunsj. Utstillingane er opne

Kl. 13.00       Mellom middelalder og modernisme. Draumkvedet i norsk billedkunst etter 1900
                      v/ Tonje Haugland Sørensen, postdoktor UiB

Kl. 14.00       Kaffepause. Willums-utstillinga er open

Kl. 14.30       Voluspå vs. Draumkvedet
                     v/Teater Fabel

Kl. 15.00        Avslutting v/ VTM

 

Utstillingar under seminaret:

Vandringsmannen          Draumkvedet-syklusen til Olaf Willums

Olav sine draumar          Lydinstallasjon av Natasha Barrett med kunst av Borgny Svalastog

Draumkvedet etter Maren Ramskeid           Innspelingar med Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes (tekst på skjerm)

 

Bindande påmelding til post(at)vtm.no – NB avgrensa tal deltakarar.

Pris: kr. 1000,- inkl. konsert i stavkyrkja (fredag), 3 føredrag, teaterframsyning og lunsj (laurdag).
Deltaking berre på laurdag: kr. 850,- inkl. lunsj. Betaling gjerast under seminaret.
Pris for berre konserten (fredag): 200,-. Betaling på museet frå kl. 18.00.

Ein vil óg kunne følgje seminaret (laurdagen) online. Informasjon og lenke kjem på Facebook-sida til VTM seinast dagen før seminaret.

 

Om bidragsytarane:

Martin Steinum Brun frå Vågå har klassisk skolering som songar og studerer utøvande folkemusikk ved Noregs Musikkhøgskule. Han er oppteken av å vidareformidle lokal tradisjon men samstundes uredd for å utforske materialet sin plass i nye konstellasjonar.

Vemund Olav Aukrust er kyrkjemusikar frå Lom og tek mastergrad i utøvande orgel ved Noregs Musikkhøgskule. Han har fleire års røynsle med kulturformidling i konsertsalar og kyrkjer rundt om i Noreg, Sverige, Tyskland og Sveits.

Amund Ove Børdahl er universitetslektor i retorikk og filosofi ved Universitetet i Bergen. Han er òg leiar for Foreningen Georg Johannesen-seminaret. Han har skrive ei rekkje artiklar om litteratur og retorikk, frå Homer og Bibelen til Bob Dylan.

Inga Henriette Undheim er fyrsteamanuensis i norsk litteratur ved Høgskulen på Vestlandet. Ho har forska på både eldre og nyare litteratur, og er særleg oppteken av litteratur som på ulike vis bryt med, eller utfordrar etablerte sjangerkonvensjonar.

Tonje Haugland Sørensen er kunst- og filmhistorikar med særleg fokus på dei nordiske landa og perioden 1750-1950. Har tidlegare publisert om m.a. J.C. Dahl og stavkyrkjer og om Gerhard Munthe og Draumkvedet. Skriv for tida på ei bok om drakestilen på 1800- og 1900-talet. 

Teater Fabel er skipa av Inger Merethe Johnsen. I 2018 fekk ho med seg skodespelar Hæge Manheim for å lage eit stykke om Rui-jentene  –  ein stor suksess med førpremiere på Vest-Telemark Museum, sett av over 10.000 fram til 2021. I 2022 tok dei tak i Voluspå og laga ei førestilling der det norrøne Edda-diktet blir sidestilt og samanlikna med Draumkvedet.

 

Overnatting:

Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen
dalenbb.com              tlf. 928 17 012                 info@dalenbb.com
Ca. 10 min med bil til Vest-Telemark Museum (NB, ikkje mange rom)

Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal
morgedal.no                   tlf. 35068900                  post@morgedal.no
Ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum.
NB: ved å oppgje koden «Eidsborg 2023» kan ein få rabatt, frå enkeltrom 995,- /  dobbeltrom 1.295,-

Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal
gjestehus.com                tlf. 469 63 631                 morgedal@gjestehus.com
Ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum.
Enkelt/dobbeltrom 1000,-

Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
straand.no                      tlf. 35 06 90 00                straand@straand.no
Ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    64 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    116 m Unna
  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    193 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    235 m Unna
  4. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    918 m Unna
  5. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!

    2.36 km Unna
  6. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.55 km Unna
  7. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.62 km Unna
  9. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.94 km Unna
  10. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    22.59 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  12. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  13. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av