Utforsk Telemark

English

Norsk

Draumkvedet-seminar 2024: Ein thriller frå mellomalderen

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Draumkvedet-seminar 2024: Ein thriller frå mellomalderen til i reiseruten din.

Folk i mellomalderklede på veg til Eidsborg stavkyrkje, Draumkvedet, Vest-Telemark museum.
  • Folk i mellomalderklede på veg til Eidsborg stavkyrkje, Draumkvedet, Vest-Telemark museum.
  • Scene frå Draumkvedet, måleri av Karl Erik Harr, Vest-Telemark museum.
  • Scene frå Draumkvedet, måleri av Karl Erik Harr, Vest-Telemark museum.

Om

DRAUMKVEDET I VÅR TID 2024

Tema for årets seminar: Draumkvedet – ein thriller frå mellomalderen

Draumkvedet er den mest gåtefulle av mellomalderballadane som er funne i Noreg. Teoriane om opphav i tid og rom varierer stort, og mangfaldet i tolkingane er nesten like dramatisk som innhaldet. Ikkje minst har det vore spekulasjonar om dei mange eigenarta stadnamna som er nemnt i kvadet. Kan dei bidra til ei løysing av mysteriet?

Anne Lognvik og Petter Melsom har laga ein ny film om Draumkvedet som får sin førpremiere på seminaret. Me får òg besøk av forfattar Vidar Sundstøl som har skrive ein ny og kritikarrost roman med motiv frå Draumkvedet. Kulturhistorikar Herleik Baklid fortel om ny forsking kring stadnamna i Draumkvedet – ved eksempelet «Broksvalin».

Så blir det ekskursjon til vakre Grimdalstunet og Draumkvedet-måleria til Karl Erik Harr.

Kvelden før blir Draumkvedet framført i Eidsborg stavkyrkje av tre kvinner: Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Magnhild Garnås Haugen og Ingvill Marit Buen Garnås.

Velkomen til det tredje seminaret om Draumkvedet i Eidsborg!

 

PROGRAM

Fredag 19. april

Konsert i Eidsborg stavkyrkje

Kl. 19.00: Draumkvedet framført av Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Magnhild Garnås Haugen og Ingvill Marit Buen Garnås

Parkering rett ved stavkyrkja eller på museet sin parkeringsplass.
Billett kr. 250,- for dei som ikkje deltek på seminaret laurdag. Kjøpast i museet frå kl.18.00.

Laurdag 20. april

Museusmsbygget i Eidsborg

Kl. 8.30                 Kaffe og mingling

Kl. 9.00                 Velkomen og innleiing v/ VTM

Kl. 9.30                 «Draumkvedet – ein thriller frå mellomalderen», ca. 40 min. Film av Anne Lognvik og Petter Melsom. Førstegangsvising og førpremiere. Diskusjon og attendemeldingar til filmskaparane

Kl. 10.30               Kaffepause. Utstillingene er opne

Kl. 11.00               «Stadnamn i Draumkvedet med særleg vekt på Broksvalin» ved Herleik Baklid, førsteamanuensis USN Bø
Opning for innspel og diskusjon

Kl. 12.00               Lunsj. Utstillingane er opne

Kl. 13.00               «Hvor lenge varer en natt?» - Om mitt arbeide med Draumkvedet. Av Vidar Sundstøl, forfattar. Siste roman: «Dag fra natt»                                       (2023). Opning for innspel og diskusjon

Kl. 14.00               Kaffepause. Utstillingane er opne

Kl. 14.30               Avreise til Grimdalstunet (me brukar private bilar)

Kl. 15.00               Omvising i Draumkvedet-syklusen til Karl Erik Harr på Grimdalstunet. Ca. 1 time

 

Utstillingar i Eidsborg under seminaret:

I ljos - Folkekunstutstillinga i Eidsborg, førehands-relansering med ny belysning og hologram

Botnedalsdøra - Rekonstruksjon av portalen til stavkyrkja i Botnedalen (rive på 1640-talet)

Olav sine draumar - Lydinstallasjon av Natasha Barrett med kunst av Borgny Svalastog

Draumkvedet etter M. Ramskeid - Innspelingar med Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes (tekst på skjerm)

 

PRISAR:

Seminaret kostar kr. 1200,- inkl. konsert i stavkyrkja, filmvising, føredrag, utflukt til Grimdalstunet og lunsj laurdag.
Deltaking berre på laurdag: kr. 1000,- inkl. lunsj og kaffe. Betaling gjerast under seminaret.

OBS: Halv pris for deltakarar som har årskort frå Vest-Telemark museum! 

Påmelding til post@vtm.no – NB avgrensa antal deltakarar!

 

OVERNATTING (via booking.com):

Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen,
ca. 10 min med bil til Vest-Telemark Museum

Vidsyn Midjås, Midjåsvegen 333a, 3880 Dalen,
Ca. 15 min med bil til Vest-Telemark Museum

Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal,
ca. 25 min med bil til Vest-Telemark Museum
NB: ved å oppgje koden «Eidsborg 2024» kan ein få rabatt!

Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal,
ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum

Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal,
ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Draumkvedet i vår tid - velkomen til årets seminar! (19 Apr 2024 - 20 Apr 2024)
DagTider
Fredag19:00 - 20:30
Lørdag08:30 - 16:00

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    119 m Unna
  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    192 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    207 m Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    244 m Unna
  4. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    909 m Unna
  5. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  6. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  7. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  8. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.93 km Unna
  9. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    22.59 km Unna
  10. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  11. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  12. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  13. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.56 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av