Utforsk Telemark

English

Norsk

Eidsborgseminaret 2021 - Eidsborgbryne i vikingtid og mellomalder

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Eidsborgseminaret 2021 - Eidsborgbryne i vikingtid og mellomalder til i reiseruten din.

Brynesteinsbruddet, Vest-Telemark museum, Eidsborgseminaret, brynestein.

Om

Me har gleda av å invitere til det fyrste Eidsborg-seminaret. Dette er eit ope fagseminar der me set fokus på brynesteinshistoria med alt den innebar. Med på laget har me fått dei fremste fagfolka innan geologi, arkeologi og historie.


Eidsborgbryne er ei svært viktig arkeologisk kjelde, og vitnar om handelskontakt og samkvem gjennom svært lang tid. Ein reknar produksjon av bryne frå rundt år 700 og siste lasta gjekk ned Telemarkskanalen i 1952. Transporten og handelen batt Telemark og Vestfold saman, og det var eit viktig grunnlag for framveksten av Skien som by og Kaupang som handelsstad. Brynesteinen set også den vesle bygda Eidsborg i Tokke, Telemarksvassdraget og dei tidlege handelsstadene i ein omfattande internasjonal kontekst.


Det vil vere avgrensa plassar på seminaret i Eidsborg, så her vil det vere viktig å melde frå tidleg. Ved overteikning vil seminaret bli streama.
påmeldingsfrist fredag 3. september for dei som ynskjer hotell. Plassane på seminaret vert fylt opp fortløpande.

Kontakt oss for fullt program. Påmelding sender du til post@vtm.no

Hugs å opplys om namn, epost, deltaking på kva delar av seminaret, lunsj og eventuell seminarmiddag.
Om du har behov for overnatting har me tilbod om rom med frukost på Morgedal Hotel. 

For spørsmål ta kontakt med Vest-Telemark museum ved Dag Rorgemoen:

dr@vtm.no / 97 086 084

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    119 m Unna
  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    192 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    207 m Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    244 m Unna
  4. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    909 m Unna
  5. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - årets utstillar er fotokunstnar Torleif Lie.

    2.36 km Unna
  6. Draumkvedet - måleri av Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedet-utstilling på Grimdalstunet i Skafså.

    7.42 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  10. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.93 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  12. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    22.59 km Unna
  13. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    23.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av