Utforsk Telemark

English

Norsk

Konsert med Elin Furubotn og Torbjørn Økland

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Konsert med Elin Furubotn og Torbjørn Økland til i reiseruten din.

Konsert med Elin Furubotn og Torbjørn Økland, Vest-Telemark museum Eidsborg.

Om

Velkomen til konsert på Vest-Telemark museum i Eidsborg.

Nordmenn har høyrt mange av Elin Furubotns songar gjennom radiokanalar som NRK P1 og P2, og mest kjend er kanskje duetten ho gjorde saman med Morten Abel og Stavanger symfoniorkester: «Så lett det kan ver» (2014).

I februar 2020 kom jubileumsalbumet «Blikk» som var hennar åttande album. Albumtittelen peikar mot den raude tråden i tekstane til Elin. Å sjå innover eller utover, eit skråblikk på dagen der ho syng om små og store ting. Hennar tidlegare yrkesbakgrunn som psykiatrisk sjukepleiar og terapeut har gjett henne stor innsikt i menneskepsyken, og ho har erfart at mange strevar med perfeksjonisme og mykje alvor. Elin ynskjer å formidle håp. Fortelje at skrammer er fint. At bekymringar ikkje har hjelpt nokon, og at det er sunt å leike meir.

Furubotn turnerer mykje over heile landet saman med multimusikaren Torbjørn Økland (Vamp). Dei har hatt ei rekke konsertar saman og høsta strålande kritikkar. Songane til Elin handlar ofte om det kvardagslege – med ei god dose humor, men òg alvor og undring. Det er umogleg å ikkje fylgje med under konsertane, der formidlinga står sentralt, med tekstar til å kjenne seg att i og gode, nynnbare melodiar.

Elin har også gjeve ut album og turnert i Tyskland, og fått en internasjonal pris i USA (Indie Award) for albumet Heilt Nye Vei (2013).

Inngang: 200,-

Student/honnør: 150,-

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    29 m Unna
  2. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    62 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    119 m Unna
  1. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    192 m Unna
  2. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    207 m Unna
  3. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    244 m Unna
  4. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    909 m Unna
  5. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - årets utstillar er fotokunstnar Torleif Lie.

    2.36 km Unna
  6. Draumkvedet - måleri av Karl Erik Harr

    Karl Erik Harr si Draumkvedet-utstilling på Grimdalstunet i Skafså.

    7.42 km Unna
  7. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.56 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.61 km Unna
  10. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.93 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    22.59 km Unna
  12. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    22.59 km Unna
  13. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    23.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av