Utforsk Telemark

English

Norsk

Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2023

TypeMuseumsarrangement

Borsævegen 395 A, Museumsvegen 9, 3880, Dalen

Legg Kunstnarslepp på Grimdalstunet 2023 til i reiseruten din.

Sommarutstilling på Grimdalstunet: Arild Andresen, Kari Hunsager og Hanne Isabel Thorsdalen.

Om

Sommarutstillinga i underetasjen på Grimdalstunet opnar fredag kveld den 23. juni.

Arild Andresen, Kari Hunsager og Hanne Isabel Thorsdalen Styhr er årets utstillarar på museet i Skafså. Dei er å treffe på Grimdalstunet frå kl. 16.00 opningskvelden. Kafeen er også open i dette tidsrommet, og det står suppe, graut, kaffi og kaker på menyen.

Det blir musikalske innslag med m.a. Mo barnekantori, Arild Andresen og Erling Mo Grimdalen.

Flyt og rørsle

Arild Andresen er busett i Grimstad, og har ein mastegrad i kunst og handverk frå det som tidlegare heitte Høgskulen i Telemark. Andresen kan sjå tilbake på ei lang rekke separat- og kollektivutstillingar. Han er medlem av Norske Billedkunstnere og Tegnerforbundet. Kunsten hans er mellom anna kjøpt inn av Høgskolen i Agder og Kunst på arbeidsplassen i Oslo.

I sommarutstillinga vil Arild syne måleri som speglar hans fascinasjon for det livgjevande og energifylte i natur og kultur, men óg det som har ettertanke og poesi i seg. Ein serie teikningar under arbeidstittelen «Fra studiedagene» vil markere det tegneriske fundamentet for arbeidet hans med måleri; nemleg flyt og rørsle.

Naturstemningar
Også Kari Hunsager er basert i Grimstad. Ho har lærarutdanning med kunst og handverk som spesialisering. På cv-en står mellom anna separatutstilling i Galleri Dalype i Oslo, Arendal kunstforening og Arnulf Øverland galleri i Kristiansund. Ho har tidlegare hatt med verk på Agderbiennalen, Telemarksutstillingen og Sørlandsutstillingen. Hunsager er medlem av Norske billedkunstnere.

Hunsager vil vise måleri som tolkar naturstemningar i ulike årstider, ofte tett på og gjerne med vekt på forenklingar som lar fargar og komposisjon trå klart fram. Det same pregar bileta hennar med dansemotiv.

Fascinerande og utfrordrande

Hanne Isabel Thorsdalen er busett på Notodden. Ho har ein master frå Universitetet i Sørøst-Norge. Arbeida hennar har mellom anna vore vist i Kultursenteret i Bodø og Lille Galleri i Kongsberg.

Thorsdalen jobbar ut i frå eit abstrakt ekspresjonistisk perspektiv, men nokre gongar med figurative element som dukkar opp og som ho vel å forsterke. Kvart måleri er ei reise i undermedvitet. Ho veit aldri heilt kor måleriet ender, og det finn ho både fascinerande og utfordrande.

I tillegg til dei abstrakte måleria jobbar kunstnaren med ein kombinasjon av måleri og foto. Ho fotograferar måleria og jobbar vidare med dei digitalt, legg til nye element og flettar dei inn i arbeidet.

 

Inngang kunstnarslepp: kr. 100,-

Utover opningsarrangementet vil utstillinga vere tilgjengeleg i museets opningstid, tirsdag til sundag mellom 25. juni og 15. august.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Opning av sommarutstillinga på Grimdalstunet (23 Jun 2023)
DagTider
Fredag16:00 - 19:30

Også i nærheten

  1. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    127 m Unna
  2. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!

    5.74 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    6.23 km Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    7.20 km Unna
  2. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    7.36 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    7.37 km Unna
  4. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    7.38 km Unna
  5. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    7.46 km Unna
  6. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    7.47 km Unna
  7. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    8.33 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    22.00 km Unna
  9. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    26.26 km Unna
  10. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    26.30 km Unna
  11. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    27.49 km Unna
  12. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    27.49 km Unna
  13. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    27.84 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av