Utforsk Telemark

English

Norsk

Kunstnarslepp på Grimdalstunet: Tid for glede

TypeKunst

Borsævegen 395 A, 3880, Dalen

Legg Kunstnarslepp på Grimdalstunet: Tid for glede til i reiseruten din.

Tove Estensen, Ruth Kvålo Dalen og Liv Sonja Flolid, sommarutstilling på Grimdalstunet 2022.
  • Tove Estensen, Ruth Kvålo Dalen og Liv Sonja Flolid, sommarutstilling på Grimdalstunet 2022.
  • Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022.
  • Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022
  • Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022
  • Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022
  • Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022
  • Sommarutstilling på Grimdalstunet 2022

Om

Fredag 24. juni kl. 18.00 blir det opning av sommarutstillinga 2022 på Grimdalstunet.

Etter ein flott og varm mottaking av alle kunstnare på Grimdalstuet i fjor med stor sals-suksess, er vi stolte av å presentere tre nye unike kunstnar i sommar:  Liv Sonja Flolid, Ruth Kvålo Dalen og Tove Estensen. 

 

Med tre dyktige kunstnarar blir det ei spennande, variert og fargerik salsutstilling. Kunstnarane  vil vera på Grimdalstunet frå kl 16.00, slik at publikum kan sjå utstillinga saman med kunstnane og snakke med dei om kunsten deira på førehand.

Liv Sonje Flolid er figurativ i det meste.  Ho likar å forenkle.  Motiva er ofte hus som ho komponerer med form og farge og ho er heile tida på leiting etter korleis ljoset påvirkar motiva hennes.  Ho ynskjer at bileta skal vere BALSAM for sjelen. 

Ruth Kvålo Dalen – vår lokale kunstnar – har bruka mykje tid på å fordjupe seg for å skape kunst.  Ruth vil setje «DET VAKRE» på agendaen.

Tove Estensen har ein altomslukande glede over å skape bilder.  Bilder frå det mektige kystlandskapet på Vestlandet med skiftande vêr.

 

Tokke har spenstige, flinke ungdomar som står for det musikalske innslaget.  I år er det  Rosa og Lavrans Grøstad Johnson og Sondre Fosli Stenseth og Jentekoret som tryllar fram tonane.

Kunstbutikken vår har mange fine ting  I tillegg sel vi litograti av Harr, Andvik,  Knoop, mfl.  

Hugs å ta ein tur innom Draumkvedsalen og sjå den  flotte utstillinga til

Karl Erik Harr med 30 bilder frå Draumkvedet. Vi er stolte over utstillinga.  

I år har vi hatt Draumkvedet i 25 år på Grimdalstunet.

Kafe-menyen: kjøtsuppe, graut, kaffi og kaker.  Grimdalstunet og kafeen er open frå kl 16.

No er vårreingjeringa gjort på Grimdalstunet og det er med stor glede vi ynskjer alle hjarteleg velkomen til ein triveleg ettermiddag med kunstnarane, kunsten, musikalske innslag, god suppe, kaffi og kaker og ikkje minst gleda ved småprating.  Velkomen - velkomen

                                                                                

 


Kafé-meny: Kjøtsuppe, graut, kaffi og kaker.
Grimdalstunet og kafeen har opent frå kl. 16.00.
Inngang kr. 100,- på Kunstnarsleppet.
Hjarteleg velkomen!

 

          Styret i Grimdalstunet

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Også i nærheten

  1. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    118 m Unna
  2. Dalen Bryggjeutstilling

    Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!

    5.75 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    6.23 km Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup.

    7.21 km Unna
  2. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet på…

    7.37 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…

    7.37 km Unna
  4. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    7.39 km Unna
  5. Vest-Telemark Museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    7.46 km Unna
  6. Statkraft visingssenter i Eidsborg

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    7.48 km Unna
  7. Brynesteinsbrotet i Eidsborg

    I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…

    8.34 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid - med interiør etter 1800-talets bymote i…

    22.01 km Unna
  9. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    26.27 km Unna
  10. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    26.31 km Unna
  11. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    27.50 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    27.50 km Unna
  13. Vinje biletgalleri

    Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit galleri, med ei…

    27.84 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av