Utforsk Telemark

English

Norsk

Oppstart av stadnamnprosjektet i Seljord

TypeMuseumsarrangement

Nyveg 16, 3840, Seljord

Legg Oppstart av stadnamnprosjektet i Seljord til i reiseruten din.

Gamalt kart i samband med stadnamnprosjekt i Seljord

Om

Kva veit du om gamle stadnamn? Visste du at dei gamle stadnamna fortel ei historie og om ein levemåte som er ein viktig del av vår kulturarv? Dei gamle stadnamna har tradisjonelt gått i arv gjennom munnleg overlevering. I dagens samfunn er me ikkje like avhengig av desse namna for å drive gardsbruk og orientere oss, me har moderne hjelpemidlar og ein annan bruk av natur og landskap. Difor blir mange av namna gløymd. Denne utviklinga ynskjer me å snu.

Seljord sogelag, Åmotsdal sogelag, Seljord mållag og Vest-Telemark museum inviterer deg til å vere med på stadnamnprosjektet som byrjar med denne samlinga på Seljord bibliotek. Målet er å bevare stadnamna ved å samle inn og registrere dei i ein nasjonal namnedatabase som Språkrådet eig. For å få fullføre prosjektet treng me mange friviljuge.

Om du er nyfiken og interessert bør du koma til biblioteket den 15. oktober. Då blir det innføring i prosjektet, og samtale om korleis me kan jobbe saman for å få til eit godt resultat. Gode samtaler om eit interessant tema, og sosial hygge er hovudfokus. Kaffi og noko å bite i blir det sjølvsagt også. Alle er velkomne, uansett alder og nivå på namnekunnskap!

Spre ordet og inviter med deg ein eller fleire.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Samling om stadnamnprosjekt i Seljord (15 Okt 2024)
DagTider
Tirsdag18:00 - 21:00

Også i nærheten

  1. Aasmund Kleiv - skimakar og tusenkunstnar

    Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…

    11.60 km Unna
  2. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    11.60 km Unna
  3. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    13.45 km Unna
  1. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    15.08 km Unna
  2. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    15.14 km Unna
  3. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    26.59 km Unna
  4. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    33.53 km Unna
  5. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    34.07 km Unna
  6. Sankt Nikolaus og Eidsborgtjønni

    Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…

    34.07 km Unna
  7. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    34.16 km Unna
  8. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    34.20 km Unna
  9. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    34.22 km Unna
  10. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    34.32 km Unna
  11. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    35.54 km Unna
  12. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    38.97 km Unna
  13. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    40.09 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av