For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

English

Norsk

Prosesjonsvandring med Nikuls

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo
Prosesjonsvandring med Nikuls

Om

Etter fleire års opphald tek Vest-Telemark Museum opp att ei levande formidling av den eldgamle «Nikuls-vandringa» kring Eidsborgtjønni.

Dette er ein seremoni knyt til Eidsborg stavkyrkje og midtsommar som har eksistert sidan 1300-talet. I ei blanding av heidensk og katolsk tradisjon, blei helgenstatuen av St. Nikolaus (lokalt kalla «Nikuls») tatt ut av stavkyrkja og bore kring Eisborgtjønni på Sankthanseftan.

Vatnet hadde magisk kraft midtsommarnatta, og både statuen og dei som fylgde prosesjonen skulle kome i kontakt med det. Då blei syndene forlate og sjukdom lækt.

Sjølv om kyrkja etter reformasjonen prøvde å stanse ritualet, heldt bygdefolket i Eidsborg fram med det heilt til slutten av 1700-talet.

Tidleg på 2000-talet starta museet opp eit historisk spel for å formidle den gamle tradisjonen til publikum. Etter fleire års stopp blir spelet no vist fram att – i samarbeid med kyrkja.

Programmet for Nikulsvandringa 23. juni 2019

Kl. 15:00  Nikulskafé på museet serverer middag
Kl. 17:00  Føredrag om Nikuls-tradisjonen ved museet
Kl. 18:15  Vesper i Eidsborg Stavkyrkje
ca. kl. 19:00  Prosesjonsvandring med helgenfiguren Nikuls (St. Nikolaus) rundt Eidsborgtjønni
Kl. 20:30  Avslutting ved tjønni

Det er flott om du stiller i mellomalderklede. Museet har og ein del klede til utlåns. Dei vert lagt fram etter føredraget.

Me gjer merksam på at prosesjonsvandringa er eit historisk spel, ikkje ei religiøs handling.

Les meir om Nikuls-tradisjonen her.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Eidsborg stavkyrkje (23 Jun 2019)